Ullensvang kommune Skare barnehage

100% vikariat som barnehagelærar/fagarbeidar/assistent ved Skare barnehage

Ledig vikariat som barnehagelærar/fagarbeidar/assistent - 100 %, frå d.d. til 31.05.2023, moglegheit for forlenging)


Skare barnehage er ein 1- avdelings barnehage som ligg i Skare, midt i mellom Odda og Røldal. I 2020 flytta vi inn i nye moderne lokaler, som er laga for to avdelingar. Lokala byr på mange kjekke rom og løysingar, og som gir barna og dei ansatte mange moglegheiter. Skare barnehage har også eit stort og flott uteområde, samt eit nærmiljø som har mykje å by på.
Dei siste åra har barnehagen arbeidd med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø der alle barn har det trygt og godt og opplever å vera verdifulle i fellesskapet. Saman med BTI (betre tverrfagleg innsats) vil dette vere fokusområdet vårt dei neste åra og.


Hovudarbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for å observere barna og å skape gode leike og utviklingsmuligheter for dei.
  • Sørga for eit godt foreldresamarbeid
  • Ansvar for å gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling på sin avdeling saman med dei tilsette
  • Være ein del av barnehagen sitt leiarteam
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og team
  • Ansvar for oppfølging av enkeltbarn
  • Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn
  • Vere ein god rollemodel for dei andre tilsette i avdelingen og i barnehagen
  • Utføre arbeid delegert av styrar


Kvalifikasjonar

  • Utdanning: Barnehagelærarutdaning eller barne-og ungdomsfag er ynskjeleg, men andre kan og verta vurdert i stillinga.
  • Erfaring er ynskjeleg
  • Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk
  • Digitale kunnskaper
  • Personlege eigenskapar- og interesse for faget vektlegges sterkt
  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
  • Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd
  • Godkjent tuberkulinstatus

Personlege eigenskaper:

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna
  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna
  • Evne til å arbeida sjølvstendig
  • Evne til å samarbeida
  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding
  • Evne til å arbeida målretta og strukturert
  • Løysningsorientert
  • Fleksibel og kreativ
  • Robust
  • Godt humør og positiv innstilling

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.02.2023

Arbeidsstad:

Skare

Kontaktpersonar:

Andreas Lien

mob: +47 47665715

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: