100% stilling som arbeidsleder på Bokko kjøkken
100% fast stilling som Arbeidsleiar på Bokko kjøkken
Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Ullensvang kommune søkjer no etter ny arbeidsleiar til å drive kjøkken og kafe på Bokkotunet i Odda.
Stillinga har arbeidstid dagtid måndag-fredag og er ledig frå 1.9.2025.
Bokko kjøkken produserer og leverer mat til sjukeheimane i Odda og til heimebuande som får maten levert av heimesjukepleien.
Det er og kafe-drift og andre oppdrag på bestilling.
Arbeidsoppgåver:
- Dagleg organisering av kjøkkendrift, sørge for at kjøkkenet drives i henhold til kommunens og virksomheita sine verdiar og mål
- Oppsett av menyer
- Innkjøp, matvarer og driftsmidler og oppfølging av leverandør
- Kontroll og attestering av faktura i Visma Enterprise
- Turnusarbeid
- Budsjettkontroll i samarbeid med verksemdsleiar
- Ansvar for å utarbeide og følge opp IK- mat
- Ansvar for kvalitets- og internkontrollrutinar i eigen avdeling
Kvalifikasjonar:
- Kokk med fagbrev
- Engasjert
- Gode IKT - kunnskaper
- Kjennskap til kjøkkendrift og gjerne leiarerfaring
- Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale anbefalingar
- Kjennskap til økonomi og ressursstyring
- Evne til å ta sjølvstendige avgjersler og takle stort arbeidspress
Personlege eigenskapar:
- Du må like å arbeide saman med andre og ha evne til å leia og få ting til gjennom andre
- Du har gode evner til å planlegge arbeidet, er nøyaktig og strukturert
- Du er engasjert, framoverlent og kreativ
- Du er opptatt av å skape resultater og å nå dei måla me har satt oss
- Du er løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me kan tilby:
- Løn etter gjeldande tariff.
- Eit godt arbeidsmiljø
- Gode moglegheiter for kompetanse med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- Bistand til å finne bustad.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast
oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette".
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
13.07.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda