100% prosjektstilling som musikkterapeut i Helse og omsorg
100 % prosjektstilling over 4 år med mogelegheit for forlenging
Arbeidsstad: Ullensvang kommune
Om stillinga
Ullensvang kommune søkjer ein engasjert musikkterapeut til ei nyoppretta prosjektstilling i helse- og omsorgssektoren. Hos oss får du vere med på å utforme framtidas musikkterapitilbod i ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Stillinga er organisert i helse- og omsorg, med tett samarbeid med kulturskulen og andre aktørar i kommunen. Ullensvang kommune deltek i Polyfon kunnskapsklynge, som tilbyr erfaringsdeling og kunnskapsformidling om musikk som helseressurs i kommunale tenester og lokalsamfunn.
Musikkterapi er eit viktig og anerkjent fagområde med dokumentert effekt for ei rekkje målgrupper, mellom anna personar med demens, psykiske lidingar, utviklingshemming og langvarig somatisk sjukdom. Ullensvang kommune ønskjer å tilsette ein fagperson som kan styrkje vårt arbeid i møte med desse brukargruppene, og som vidare kan bidra til å utvikle eit heilskapleg og personsentrert tilbod i helse- og omsorgstenestene våre. Stillinga er særleg retta mot arbeid med eldre og personar med demenssjukdom – både i institusjon og i heimebaserte tenester. Arbeidet vil vere variert, og inkludere individuelle tilbod, gruppebaserte tiltak og tett samarbeid med anna personell.
Arbeidsoppgåver
Vere pådrivar i utvikling av musikkterapitilbod i kommunen
Planleggje og gjennomføre musikkterapi individuelt og i grupper, både på sjukeheimar og for heimebuande
Samarbeide tett med helsepersonell, pårørande og andre faggrupper for å integrere musikkterapi i den daglege omsorga
Bidra til miljøarbeid og trivselstiltak ved institusjonar
Tilpasse tiltak etter brukar sine behov, funksjonsnivå og livshistorie
Heve kompetansen i kommunen gjennom rettleiing og fagleg støtte
Dokumentere og evaluere tiltak i elektronisk pasientjournal
Kvalifikasjonar
Godkjent mastergrad i musikkterapi eller tilsvarande utdanning
Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med eldre og/eller personar med demens
God kjennskap til bruk av musikk i helse- og omsorgsarbeid
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Personlege eigenskapar
Du tek initiativ og er engasjert i å utvikle nye tenester
Du er empatisk og trygg i møte med menneske i sårbare livssituasjonar
Du byggjer relasjonar og skaper tillit
Du er kreativ, fleksibel og tilpassingsdyktig
Du trivst i tverrfagleg samarbeid og ønskjer å bidra i fagutvikling
Du arbeider sjølvstendig og strukturert, og har god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med fokus på livskvalitet og meistring for brukarane
Høg grad av fagleg sjølvstende og påverknadskraft i ei ny rolle
Støtte og rettleiing gjennom deltaking i Polyfon kunnskapsklynge
Tett samarbeid med kulturskulen og kulturaktørar i kommunen.
Lønn etter gjeldende tariffavtale, eventuelt etter individuell avtale.
Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Velkomen som søkjar på stillinga!
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
07.07.2025
Arbeidsstad:
Ullensvang kommune
Kontaktpersonar:
Maren Espedal Miille
mob: +47 47361915
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda