Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg

100% stilling som sjukepleiar i heimesjukepleien / bufellesskap i Røldal

Sjukepleiar 100 % fast stilling i heimesjukepleien /bufellesskapet i Røldal

Om arbeidsplassen:

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune, dersom du er glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn er dette kanskje plassen for deg.

Me treng no ein sjukepleiar til heimetenesta i Røldal. Tenesta inkluderer heimebuande, bebuarar i omsorgsbustader og eit bufellesskap for bebuarar med nedsett funksjonsevne. Tenesta er samla på eit lite område i Røldal, der desse tre tilboda ligg tett ved kvarandre. Heimetenestene har basen sin i bygget som tidlegare var sjukeheim. 6 av omsorgsbustadene (bukollektivet) ligg i dette bygget, og bebuarane får sine tenester som heimebuande der. Heimesjukepleien i Røldal yt tenester til ca 30 brukarar, ein ynskjer at brukarane skal oppleva respekt, tryggheit og forutsigbarheit i tenesta. Samtidig ynskjer me at brukarane skal ha ei oppleving av sjølvstendigheit og meistring. Heimesjukepleien skal yta lovpålagde tenester til brukarar i alle aldrar, men dei fleste brukarane er eldre med ulike behov.
Stillinga har i utgongspunktet arbeid kvar 3. helg.
Anna helsepersonell med høgskuleutdanning vert og vurdert til stillinga.


Arbeidsoppgåver:

Som sjukepleiar / vernepleiar er du med å ha eit fagleg ansvar for drift av heimesjukepleien og bufellesskapet i Røldal, saman med avdelingsleiar. Stillinga vil vera delt mellom heimesjukepleien og bufellesskapet for menneske med nedsett funksjonevne. Du vil ha og ha medansvar for fagleg forsvarlegheit, og me ynskjer at du er ein aktiv pådrivar for å sjå på nye metodar og utprøvingar og evaluering av endringar i forhold til faglege tiltak.
Ansvar for sjukepleiefagleg observasjon, tiltak, miljøarbeid og oppfølging av brukarar
Bidra til å sikre forsvarlige pleie- og omsorgstjenester, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk
Ha ansvar for legemiddelhandtering, samstemming og legemiddelgjennomgong
Veilede medarbeidarar og studentar
Sørge for at nødvendige prosedyrer og rutiner er utarbeidet
Tilrettelegge og koordinere tenesta samen med brukarane, og sikra brukarmedverknad
Samarbeida tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre instansar.


Ynskte kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som Sjukepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning, oppfordrar vernepleiarar til å søkje.
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode kommunikasjons-eigenskapar

Personlege eigenskapar:

  • Trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig og bevisst sitt ansvarsområde

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Rekrutteringstillegg og tillegg for sjukepleiar/vernepleiar.
    For sjukepleiar/vernepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn.I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar: Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.- Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-
  • Me er behjelpelege med å skaffe/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • Politiattest
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskaper, både skriftlig og muntlig . Sjukepleiarar som er under norsk opplæring kan verta vurdert

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

12.02.2023

Arbeidsstad:

Røldal

Kontaktpersonar:

Silje Selsvik

mob: +47 90788626

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: