Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn

Sommarjobb på turistinformasjonane i Odda, Kinsarvik og Jondal

Har du lyst på ein spennande jobb i sommar? På turistinformasjonane i Odda, Kinsarvik og Jondal søkjer me deg som ønskjer å hjelpe turistar med informasjon om Ullensvang og som vil bidra til at turistane kjenner seg velkomne i kommunen.

I denne vertskapsrolla må du ta godt imot turistane og formidle informasjon om overnattingstilbod, aktivitetar, arrangement, transport og liknande. Arbeidsoppgåvene dine vil vera å formidle informasjon til turistar på engelsk og norsk i person, på telefon og på e-post.

Me søkjer etter deg som:

  • Er serviceinnstilt og profesjonell i møtet med turistar.
  • Er god i engelsk og norsk både munnleg og skriftleg.
  • Har god kjennskap til heile kommunen, og ekstra god kunnskap om området der den aktuelle turistinformasjonen ligg (Odda/Kinsarvik/Jondal).
  • Er ansvarsfull, sjølvstendig og lærevillig.
  • Er over 18 år. Søkjarar over 16 år kan vurderast.

Det er størst behov for sesongmedarbeidarar frå juni til ut august. I tillegg er det positivt om ein har høve til å jobbe i mai og september, spesielt i helger.

Turistinformasjonane har ulike opningstider. Ein arbeidsdag vil vera på 7,5 time innanfor tidsrommet kl. 09-19 i Odda og innanfor kl. 09-17 i Kinsarvik og Jondal. Ein vil vera fleire på jobb innanfor desse tidsromma. Arbeid minst kvar 3. helg må reknast med.

Me ber om at du i søknaden spesifiserer om du ønskjer å jobbe i Odda, Kinsarvik eller Jondal og kva tidsrom du kan jobbe i.

Løn etter tariff.

Søknadsfrist: me handsamar søknadar fortløpande

Velkomen som søkjar!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

01.03.2023

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune

Kontaktpersonar:

Helene O. Lillebø

mob: +47 41237176

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: