Helgestillingar og ringevikar ved Tenesta for funksjonshemma, Eidesbrotet bofellesskap
Helgestillingar og ringevikarar Tenesta for funksjonshemma, Eidesbrotet bufellesskap
Eidesbrotet bufellesskap ligg i Odda, og er eit heildøgns butilbod for personar med ulikt hjelpebehov. Me yter tenester til 18 personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande.
Vår målsetting er å legge til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Me treng tilsette som kan arbeide kvar 2. eller kvar 3. helg, samt ringevikarar. Ta kontakt med oss for å høyre om mogelegheiter!
Det er ein fordel om du har relevant utdanning, men me treng også assistentar. Du må vere 18 år, eller fylle 18 år i 2023.
Hovudarbeidsoppgåver
● Målretta miljøarbeid
● Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
● Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me ser etter deg som
● kan arbeide sjølvstendig
● har gode samarbeidsevner
● erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt vekt. ● Det blir lagt vekt på at du er stabil og personleg skikka til stillinga. ● Du må ha grunnleggjande datakunnskap, og du må meistre norsk skriftleg og munnleg
Me tilbyr:
● Ein spennande og lærerik jobb
● Opplæring og rettleiing
● Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen ● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
● Politiattest
Fortløpande tilsetjing.
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Hilde Lande, 975 58 558, hilde.lande@ullensvang.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Liv Helen Mårstig
mob: +47 48102374
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda