Ullensvang kommune Fysio- og ergoterapiteneste

100% stilling som ergoterapeut i Ullensvang kommune

100% fast stilling som ergoterapeut i Ullensvang kommune
Oppstart 01.01.2023

Ullensvang kommune arbeider for å skape bærekraftige, framtidsretta og ressursorienterte tenester med brukaren i fokus. Me tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit positivt arbeidsmiljø saman med 3 andre ergoterapeutar, fysioterapeutar og andre yrkesgrupper i kommunen. Du vil arbeide tett med andre kommunale helse- og omsorgstenester. Du vil få moglegheit til å vere med å utvikle tenestetilbodet i kommunen for å møte behova i framtida.

Ergo- og fysioterapitenesta har avdelingar i Odda, Kinsarvik, Utne og Jondal. Du vil få mogelegheit til å arbeide med brukarar i alle aldrar, med hovudvekt på vaksne og eldre. Opppmøtestad vil vere i Odda, men arbeidsområde og oppgåver vil variere etter behovet i tenesta.

Ullensvang kommune tilbyr 60.000,- i rekrutteringstilskot for nye tilsette i kommunen. Dette vert utbetalt som 30.000,- etter første og andre året ein er tilsett.

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, funksjonstrening og tilrettelegging i møte med ei variert brukargruppe
  • Rettleiing og rådgjeving til brukarar, pårørande og andre fagpersonar
  • Habilitering/ rehabilitering i samarbeid med andre kommunale tenester t.d. heimetenester, helseinstitusjonar, skule/barnehage etc.
  • Tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbrukarar, og på systemnivå
  • Formidling, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
  • Tilrettelegging og tilpassing av bustad og omgjevnadar
  • Delta i kvalitets- og fagutvikling i kommunale tenester

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Sjølvstendig, fleksibel og strukturert.
  • Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenester.
  • Evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov.
  • Evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo.
  • Positiv og engasjert.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent ergoterapeut med norsk autorisasjon.
  • Gode ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg.
  • Grunnleggjande datakunnskapar. Physica og Profil vert nytta som fagsystem.
  • Fordel med relevant erfaring frå kommunehelsetenesta.
  • Fordel med erfaring innan rehabilitering.
  • Fordel med erfaring innan bustadtilpasning.
  • Førarkort klasse B.
  • Politiattest vert kravd før tilsetjing, jmf Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
  • Fleksible arbeidsdagar.
  • Flotte kollegaer i eit kjekt fagmiljø.
  • Mogelegheit til å utvikle tenesta og nye tilbod.
  • Løn etter hovudtariffavtalen.
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Rekrutteringstilskot: 30 000,- etter 1. året og 30 000,- etter 2. året for nytilsette i kommunen.

Velkomen som søkjar på stillinga!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.12.2022

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune

Kontaktpersonar:

Maren Espedal Miille

mob: +47 473 61 915

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kontorlokalisering: