Ullensvang kommune Kinsarvik barnehage

2 stillingar à 100% stillingar som pedagogisk leiar ved Kinsarvik barnehage

I Kinsarvik barnehage er det ledig inntil to faste stillingar som pedagogisk leiar/barnehagelærar i 100 % frå 05.08.2024.

 

Kinsarvik barnehage er ein romsleg og flott tre-avdelingsbarnehage som var ny august 2016. Me har gode arbeidsrom til pedagogane, eige pauserom og fleire grupperom med gode høve for å dela opp i leik og anna aktivitet. 

Me held til øverst mot Huseskogen, der me har den fantastiske skogen rundt oss på fleire kantar. me har eige turområde, med ei kjekk hytta der me kan fyra opp i ovnen og laga mat om me vil.

Me har fleire gardar rett ved barnehagen, som me ofte besøker for å sjå på sauer, hest og kyr. 

Likar du å jobba med menneske og er glad i å vera ute i naturen i eit aktivt, fleirkulturelt og kreativt arbeidsmiljø, der me jobbar for det beste for barna, er kanskje du den rette?

 

Me har hovudfokus på å skapa eit trygt og godt læringsmiljø for alle, at alle barn trivs og har venner å leika med. 

Dei viktigaste verdiane me jobbar med er vera:

  • tydeleg og engasjert

  • inkluderande og lojal

  • tillitsfull og respektfull

  • samskapande

 

Er du ellers nysgjerrig på å finna ut meir om barnehagen kan du lesa i årsplanen på heimesida til kommunen!

 

Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar skal du blandt anna

-  sjå til at det er samsvar mellom dei strategiar, mål og metodar som vert nytta i det daglege arbeidet på avdelinga i høve til barnehagen sin årsplan og ellers andre planar 

-  samordna det pedagogiske arbeidet i samsvar med gjeldande lovverk

- planleggja, gjennomføra og vurdera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga 

- ha ansvar for at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen og har nytte av tilbodet 

- gje pedagogisk rettleiing på avdelinga 

-tverrfagleg samarbeid med ulike instansar

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar, anna relevant utdanning kan verta vurdert. 

  • Skriftleg og muntleg norskkunnskap

 

Personlege eigenskapar: 

Me ynskjer ein kollega som er positiv og har godt humør, er omgjengeleg og fleksibel. Du må lika å jobba med mennesker, og vera aktivt med barna sin leik.

Du må vera glad å jobba i eit aktivt miljø der mykje skjer, og der ting av og til er uforutsigbart. Du må vera god til å samarbeida med andre: “Du er din kollega sitt arbeidsmiljø"! 

 

Me/vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Løn etter avtale ( avhengig av stilling)

  • Rekrutteringsavtaler

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • Politiattest

  • Godkjend tuberkulinstatus

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.04.2024

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Aina Nilsen

mob: +47 45 42 72 98

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: