Ullensvang kommune Utneheimen

Helsefagarbeidar fast 14% (3. kvar helg) og 21% (2. kvar helg)

Ledig faste helgestillingar som helsefagarbeidarar i 14 % ( tredje kvar helg ) og 21 % ( anna
kvar helg )


Om arbeidsplassen:

Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både
sjukeheim, vaskeri, kjøkken og heimetenester. Personalet kan få oppgåver både på institusjonen
og i heimetenesta.


Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom.                                                                        I heimetenesta yter ein tenester til om lag 50 pasienter.
I tillegg har Utneheimen kjøkken og vaskeri.
I Omsorgstenesta vest har me eit godt arbeidsmiljø , med eit fleirkulturelt miljø.
Arbeidsoppgåvene er varierte , utfordrande og spennande .
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat. God opplæring vert gitt .

Arbeidsoppgåver:
- Legemiddelhandtering ,gjelder faglærte
- Miljøarbeid
- Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard

- Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte
  ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Halde seg fagleg oppdatert
- Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem ( Profil)
- Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
- Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

Ynskte kvalifikasjonar:
● God skriftleg og munnleg norskkunnskap
● Helsfagarbeidar/hjelpepleiar , ufaglærte kan søkje og verta vurdert

Personlege eigenskapar:
- Positiv og godt humør
- Engasjert
- Endringsdyktig
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Punktlig og strukturert
- Førarkort klasse B

Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Lønn etter hovudtariffavtalen
● Løn etter avtale ( avhengig av stilling)
● Rekrutteringsavtaler
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode
  permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:
● Politiattest
● Godkjend tuberkulinstatus

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

29.02.2024

Arbeidsstad:

Utne

Kontaktpersonar:

Kari Skare Storhei

mob: +47 90999842

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: