Ullensvang kommune Odda barneskule

Ringevikar ved Odda barneskole / SFO

Ringevikar ved Odda barneskole/SFO: 

Oppstart etter avtale

Odda barneskole er ein barneskule, 1.- 7. trinn, med 346 elevar og ca.70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen 
  • skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel 
  • vera aktiv med borna i leik og bidra til aktivitet 
  • ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette 

 

 

Ynskte kvalifikasjonar: 

  • barne- og ungdomsarbeidar 
  • erfaring frå arbeid med barn og unge 
  • søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert  

 

Vi ser etter deg som: 

  • likar å arbeida med barn og unge 
  • har positivt elevsyn og gode evner til å byggja relasjonar 
  • er sjølvstendig og fleksibel 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er robust, omsorgsfull og tolmodig 
  • er løysningsorientert og initiativrik 

   

Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga. 

 

Vi tilbyr: 

  • Interessant og spennande arbeid med barn og unge 
  • Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer 
  • Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo 
  • Lønn etter hovudtariffavtalen 

 

  

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og 

 

Krav: 

  • Politiattest

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.06.2024

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Beate Larsson

mob: +47 47023258

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: