100% stilling som vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut ved Tenesta for funsksjonshemma, Kinsarvik
Vernepleiar/ miljøterapeut - Kinsarvik
Turnus med langvakter/ døgnvakter.
100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar/ miljøterapeut
Stillinga har turnus med langvakter og døgnvakter, og arbeid kvar 4.helg, noko som gjev gode friperiodar. Ta kontakt med oss for å snakke om arbeidstid og turnus! Me har også rekrutteringstilskot for nytilsett vernepleiar og sjukepleiar.
Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.
Stillinga er knytt til ein person som bur i eigen bustad.
Personalgruppa er tverrfagleg, med både vernepleiar, sjukepleiar, fagarbeidar og assistent. Arbeidsmiljøet er prega av god kompetanse og engasjement.
Me tilbyr:
- For vernepleiar/ sjukepleiar i turnus kr 25 000 i tillegg til tariffløn.
- I tillegg rekrutteringstilskot i form av stipend til nytilsette vernepleiarar og sjukepleiarar: - Etter 1 års teneste vert det utbetalt kr 30 000.-
- Etter 2 års teneste vert det på ny utbetalt kr. 30 000.-
Vi er behjelpelege med å skaffe/ leige husvære. Kommunen dekker kostnader inntil kr 7500 pr/mnd i husleige dei 3 første månadane.
Vi søkjer vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog, sjukepleiar eller pedagogisk personell, samt helsefagarbeidar.
Hovudarbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid
- Legemiddelhandtering
- Veiledningsansvar
- Utarbeiding og oppfølging av fagplanar
- Samarbeid med spesialisttenesta og pårørande
- Utarbeide og følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me ser etter deg som
- kan stå i krevande situasjonar over tid, og har kompetanse frå arbeid med menneske med bistandsbehov knytt til autisme,utviklingshemming og atferd.
- har gode samarbeidsevner og er fleksibel og positiv til endringar
- har erfaring med vedtak etter kap 9
- handterer uforutsette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte ● du må like å vere i fysisk aktivitet og kunne gå lange turar.
- er stabil og personleg skikka til stillinga.
- meistrar norsk skriftleg og munnleg
- har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringar
Me tilbyr:
- Ein spennande og lærerik jobb
- Opplæring og rettleiing
- Fagtid i turnus
- Dyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaer
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Rekrutteringsavtale
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Politiattest
Kontaktperson: Avdelingsleiar Marit Ingebjørg Høyland, 975 58 509, marit.ingebjorg.hoyland@ullensvang.kommune.no
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
05.02.2023
Arbeidsstad:
Kinsarvik
Kontaktpersonar:
Liv Helen Mårstig
mob: +47 48102374
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda