Ullensvang kommune Helse- og omsorg

Ullensvang er på jakt etter deg som er sjukepleiar-/vernepleiarstudent, me tilbyr stipend og reisegodtgjersle!

Er du sjukepleiarstudent eller vernepleiarstudent og ynskjer fast inntekt og nyttig praksis samtidig?

Ullensvang kommune tilbyr stipend frå kr. 25 000 - 30 000 mot fast helgestilling.

Kva kan vi tilby:

  • Stipend kr.25 000 (skattepliktig) med binding på min. 9 -12 helger pr.år.
  • Stipend kr. 30 000 (skattepliktig) med bindingstid på 12 helger eller meir.
  • Stipendet vert fordelt ut som månadlege utbetalingar.
  • Løn etter lokal lønspolitisk plan Ullensvang kommune dvs:
    1.års student : Løn som ufaglærd ( 0 år kr. 324 900- 16 års ansiennitet kr. 431 400)+ ansiennitet
    2.års student : Løn som fagarbeidar ( 0 år kr. 389 000- 16 års ansiennitet kr. 460 300 ) + ansiennitet
    3.års student : Løn som fagarbeidar med 1 års vidareutdanning ( 0 år kr. 411 000- 16 års ansiennitet kr. 481 400) + ansiennitet.

Ubekvemstillegg kjem i tillegg - frå kr. 56 pr./ time - kr. 70 pr/ time.

  • Helgestilling med fleksibel arbeidstidsordning
  • Dekking av reise til arbeidstaden på inntil kr. 5000 pr. år mot dokumentasjon.

Forutsetningar for å gje tilbod til studentar:

  • For 3. års studentar- Bindingstid med minimum 9 helger frå okt. 22 - august 23
  • For 1. og 2. års studentar- Bindingstid med minimum 9 helger frå okt. 22 og min. 1 år fram.
  • For alle studentar: Bindingstid 5 veker på sommaren - 2 helger av dei 9 -12 arbeidshelgene inngår i sommarperioden.
  • Helgeturnusen må avtalast mellom leiar og student mtp. studentane sin praksisperiode.

Bindingstid

  • Bindingstid gjeld for 1 år om gongen, rekna frå oppstartsdato arbeidshelg i turnus.
  • Om du sluttar / bryt avtalen, opphøyrer den månadlege utbetalinga frå sluttdatoen.

Arbeidsoppgåver:

  • Stell/ pleie / aktivitet
  • Om du har hatt farmakologi eksamen - administrering/handtering av legemidlar

Kvalifikasjonar:

  • Dokumentasjon på studie
  • Tilfredstillande munnleg og skriftleg norsk kunnskaper
  • Data kyndig

Personlege eigenskaper:

  • Godt lag med folk
  • Kommuniserer bra med brukarar (pasientar), pårørande og kollegaer
  • Du held roen og klarar å prioritera i stressande situasjonar
  • Bidreg positivt i eit fagleg og kollegialt miljø

Kva får du igjen?

  • Teori sett ut i praksis - nyttig erfaring å ta med seg seinare
  • Verdifull erfaring på din CV - fordel for deg som arbeidssøkjar etter studie


På kva verksemd/ område kan du søkje:
Tenestar for funksjonshemma:

  • Eidesbrotet bufelleskap, avlastningsbolig - Odda
  • Bråto omsorgsbustad - Kinsarvik
  • Bufellesskapet i Røldal

Omsorg Aust:

  • Bråvolltunet - integrert teneste med sjukeheim og heimesjukepleie

Omsorg vest:

  • Utneheimen - integrert teneste med sjukeheim og heimesjukepleie

Jondal:

  • Vikevollen - integrert teneste med sjukeheim og heimesjukepleie
  • Vik bufelleskap - Psykiatri

I Odda har vi fylgjande:

  • Bokko bu og behandling - sjukeheim med rehabilitering, korttids/avlasting og langtidsplassar
  • Eide omsorgsenter - heildøgns omsorgsboligar for personar med diagnosen demens
  • Odda sjukeheim - langtidsplassar
  • Heimebaserte tenester ( heimesjukepleie)
  • Rus/ psykiatri - omsorgsboligar

Røldal:

  • Heimebaserte tenester

Vi treng deg og din kompetanse i Ullensvang kommune
Skriv i søknaden din kva verksemd/ plass du helst vil jobba.

Kvalifiserte søkjarar vil verta tilsett fortløpande.

 

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Avdeling:

Helse- og omsorg
HR

Fylke:

  • Vestland

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune