Ullensvang kommune Veisane barnehage

Barnehagelærar ved Veisane barnehage

Stilling Barnehagelærar 

  •  100% fast stilling frå d.d. i Ullensvang kommune for tida i Veisane barnehage.
  •  60 - 100% fast stilling frå d.d. i Ullensvang kommune for tida i Veisane barnehage.

 Veisane barnehage:

Barnehagen har stort fokus på inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø, og ser livsmestring og helse som sentralt for å lukkast med å skapa kvalitet for barna her og no, og for framtida.
Me er difor i gang med eit tverretatleg samarbeid med kommuneoverlege, helsestasjonen, masterstudent, IKT og ikkje minst forskningsmiljøet ved SUS. Tema for prosjektet er: Livsmestring og helse, prosjektet har fire fokusområder:

  1. Mat og måltid, glede og sunne helsevanar 

  2. Fysisk aktivitet, glede og sunne helsevanar 

  3. Kvile, (barneyoga), glede og sunne helsevanar

  4. Trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø for alle barn 

Har du lyst til å vera med å skapa kvalitet for barna i Veisane barnehage, og samtidig vera med på eit spennande prosjekt der målet er livsmestring og god helse?

 Kvalifikasjonar

  • Utdanning: Barnehagelærarutdaning eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Evne til å jobba målretta og systematisk

  • Personlege eigenskapar- og interesse for faget

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon 

 

Personlege eigenskaper:

  • Du må vera tilstade, sensitive, tydelege, varm og støttande – opptrer som støttande stillas for barna i leik, kommunikasjon og samspel. Og på den måten vera med på å byggja god sjølvkjensle, tru på eigne evne og lyst til å læra for barna

  • Evne til å sjå og skapa god relasjon til alle barna

  • Legga vekt på inkluderande fellesskap 

  • Evne til å fylja opp mål og implementera dei i det allmennpedagogiske arbeidet for alle  barna

  • Evne til refleksjon, gjennomføra analyse, vurdering og setta inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å lytta, tolka, forstå og møta barn, føresette og medarbeidarar

  • Vera tilstades og ha fokus på pedagogisk kvalitet i alle ledd

  • Medverka til lærande organisasjon og kollektiv læring

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding 

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert 

  • Fleksibel og robust

  • Medverka til eit godt arbeidsmiljø

tilgjengeleg, godt humør, løysingsorientert og positiv innstilling

  • Utføra arbeidsoppgaver delegert av pedagogisk leiar og styrar

 

Krav:

  • Politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd

  • Godkjend tuberkulinstatus

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon 

 

Me kan tilby:

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringstilskot på kr. 60 000,-

  • Deltaking i utviklingsprosjektet Livsmestring og helse

  • Eit godt arbeidsmiljø med delingskultur og vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.02.2024

Arbeidsstad:

Lofthus

Kontaktpersonar:

Marianne Meling

mob: +47 46966557

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: