100% stilling som vernepleiar ved Mjøstølen avlastning
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar i 100 % fast stilling ved Mjøstølen avlastning.
Mjøstølen tilbyr avlastningstilbod til barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar. Vi har sterkt fokus på å skapa eit trygt, føreseieleg og utviklande miljø for brukarane våre, i tett samarbeid med deira pårørande. Lokala våre ligg sentralt i Odda, med kort veg til både vakker natur og offentlege tilbod.
Stillinga inngår i ei langvaktsordning med 12,5-timarsvakter og arbeid kvar 3. helg. Denne turnusordninga gir gode moglegheiter for lengre friperiodar, noko som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Ein tverrfagleg og utviklande arbeidsplass
Hos oss set vi det tverrfaglige samarbeidet høgt. Vi meiner at ulik fagbakgrunn og brei kompetanse styrkjer kvaliteten på tenestene våre. Vi legg difor stor vekt på kunnskapsdeling, rettleiing og felles fagleg utvikling i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Som vernepleiar/miljøterapeut hos oss vil du få varierte og ansvarsfulle oppgåver. Du vil mellom anna:
Utøve målretta miljøarbeid og strukturere kvardagen ut frå brukarane sine individuelle behov og mål.
Bidra aktivt i eit tverrfagleg team internt, samt samarbeide med eksterne instansar (skule, PPT, spesialisthelseteneste m.m.).
Handtere legemiddel og følgje opp helsefaglege rutinar.
Gje rettleiing til kollegaer og samarbeide tett med pårørande.
Utarbeide, vidareutvikle og kvalitetssikre faglege planar, tiltak og dokumentasjon.
Bidra til eit godt, trygt og fagleg oppdatert arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjend vernepleiar. Andre med relevant 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning (til dømes sjukepleiar) vert også oppmoda til å søkje.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Erfaring med målretta miljøarbeid og handtering av utfordrande åtferd er eit føremon.
Erfaring med rettleiings- og pårørandesamarbeid.
God digital kompetanse og erfaring med pasientjournal.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein medarbeidar som:
Er fagleg trygg, engasjert og har gode evner til tverrfagleg samarbeid.
Arbeider systematisk, strukturert og er fleksibel i møte med endringar.
Møter brukarar, pårørande og kollegaer med varme, respekt og ein god porsjon humor.
Er løysingsorientert og bidrar aktivt til eit positivt og ope arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit sterkt fag- og fellesskapsmiljø.
Systematisk støtte til kompetanseheving og vidareutvikling.
Løn etter hovudtariffavtalen.
Rekrutteringstilskot ved fast tilsetjing på 50 000 kr for nytilsette, nytt tilskot på 50 000 kr etter 1 år (bindingstid på 2 år). Kriterier for dette tilskotet i eigen avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar (IA-bedrift).
Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad dersom du pendlar eller flyttar til regionen.
Krav og vilkår
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Referansenummer:
2026/2420
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
21.06.2026
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda