15% helgestilling som kokk / kokkemedarbeidar ved Omsorgstenesta vest, Utneheimen
Ledig fast helgestilling , 15 % , som kokk / kokkemedarbeidar
Arbeidsstad: Omsorgstenesta vest
Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim , dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og som ikkje klarer å lage mat sjølv.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom, og 2 er korttidsplassar. I heimetenesta yter me tenester til om lag 75 pasienter.
I Omsorgstenesta vest har me eit fleirkulturelt miljø, og tenestene me utfører er mange og ulike.
Så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag . Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer . Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.
God opplæring vert gitt .
Arbeidsoppgåver:
Tilberede frukost , lunsj og kveldsmat
Lage middag
Lage mat som er tilpassa pasientane sine behov
Bake
Reinhald
Kvalifikasjonskrav:
Ynskjeleg med fagbrev som kokk, men ikkje eit krav
Ynskjeleg med erfaring frå arbeid på institusjonskjøkken eller anna storkjøkken
Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner
Positiv og godt humør
Engasjert
Endringsdyktig
Fleksibel
Punktlig og strukturert
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Lønn etter hovudtariffavtalen
Moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Årsturnus
Gode permisjons- og pensjonsvilkår
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
Politiattest jfr gjeldande lov
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Referansenummer:
2026/2518
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
22.06.2026
Arbeidsstad:
Utne
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Fjrodavegen 4199 5778 Utne