Ullensvang kommune Sekse barnehage

100% stilling som pedagogisk leiar ved Sekse barnehage / SFO

Sekse barnehage og SFO:

Ledig fast stilling som pedagogisk leiar 100%

 

Sekse barnehage ligg plassert ca. midt på austsida av Sørfjorden, midt mellom fjord, fjell og gardar. Her er det fin pendleavstand til både Odda og Kinsarvik. Plasseringa gjer oss òg mange moglegheiter til variert uteliv, noko barnehagen nyttar seg mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet.  

Barnehagen som ligg i den gamle skulen på Sekse gjer at me har mykje areal som gjer oss unike moglegheiter for å leggja til rette for barna sin trivsel og utvikling. 

Barnehagen har no i  haust 30 barnehageplassar fordelt på to avdelingar. 

Dei siste åra har barnehagen arbeidd med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø der alle barn har det trygt og godt og opplever å vera verdifulle i fellesskapet. 

 

Ring gjerne verksemdsleiar Kristina Garen på telefon 48137843, eller send ein mail til kristina.garen@ullensvang.kommune.no for meir informasjon. Me ser fram til å høyre frå deg!

 

Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar har du ansvar for 

  • barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk

  • å medverka til eit godt arbeidsmiljø 

  • å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • å vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.

  • at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet 

  • gje pedagogisk rettleiing på avdelinga 

  • tverrfagleg samabeid med ulike instansar

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

 

Personlege eigenskapar:

  • Ta barnas perspektiv

  • Evne til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Vera ein synlig og tydeleg leiar 

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til å vera til stades og ha fokus på kvalitet 

 

Me/vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Løn etter avtale (avhengig av stilling)

  • Gode rekrutteringsavtalar: 

    • Rekrutteringstilskot:
      Etter 1 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 1 år i stillinga)
      Etter  2 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 2 år mnd i stillinga)

  • Pedagogisk leiar tillegg: 36 000,-

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Rekrutteringsbustad i Hovlandstunet

 

Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.02.2024

Arbeidsstad:

Sekse

Kontaktpersonar:

Kristina Garen

mob: +47 48137843

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: