Ullensvang kommune Skare barnehage

Ringevikar ved Skare barnehage

Ringevikar ved Skare barnehage

 

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 10 900 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.

 

Skare barnehage er ein 1- avdelings barnehage som ligg i Skare, midt i mellom Odda og Røldal. I 2020 flytta vi inn i nye moderne lokaler, som er laga for to avdelingar. Lokala byr på mange kjekke rom og løysingar, og som gir barna og dei ansatte mange moglegheiter. Skare barnehage har også eit stort og flott uteområde, samt eit nærmiljø som har mykje å by på.


Som vikar har du medansvar for:

  • barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • å medverka til eit godt arbeidsmiljø

  • å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant kompetanse som barnehagelærar, barne- og ungdomsarbeidar eller erfaring med arbeid med barn er ynskjeleg, men ikkje eit krav

 

Personlege eigenskapar:

  • Vera god å leika, og vera der barna er

  • Evne til å sjå og skapa god relasjonar med alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til å samarbeida

  • Visa initiativ

  • God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding

  • Fleksibel og kreativ

  • Godt humør og positiv innstilling

 

Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.06.2024

Arbeidsstad:

Skare

Kontaktpersonar:

Andreas Lien

mob: +47 47665715

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: