Ullensvang kommune Sekse barnehage

Ringevikar ved Sekse barnehage / SFO

Sekse barnehage og SFO treng ringevikarar frå hausten 2023

 

Sekse barnehage ligg plassert ca. midt på austsida av Sørfjorden, midt mellom fjord, fjell og gardar. Her er det fin pendleavstand til både Odda og Kinsarvik. Plasseringa gjer oss òg mange moglegheiter til variert uteliv, noko barnehagen nyttar seg mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet.  

Barnehagen som ligg i den gamle skulen på Sekse gjer at me har mykje areal som gjer oss unike moglegheiter for å leggja til rette for barna sin tivsel og utvikling. 

Barnehagen har no i  haust 30 barnehageplassar fordelt på to avdelingar. 

Dei siste åra har barnehagen arbeidd med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø der alle barn har det trygt og godt og opplever å vera verdifulle i fellesskapet. 

 

Ring gjerne verksemdsleiar Kristina Garen på telefon 48137843, eller send ein mail til kristina.garen@ullensvang.kommune.no for meir informasjon. Me ser fram til å høyre frå deg!



Som vikar har du medansvar for:

  • barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • å medverka til eit godt arbeidsmiljø 

  • å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant kompetanse som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg, men ikkje eit krav

 

Personlege eigenskapar:

  • Vera god å leika, og vera der barna er

  • Ta barnas perspektiv

  • Evne til å sjå og skapa god relasjonar med alle barna

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til å sjå kva som trengs og vera sjølvstendig

  • Evne til å samarbeida

  • Visa initiativ

  • God kommunikasjon - få og gi tilbakemelding

  • Løysningsorientert

  • Fleksibel og kreativ

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Evne til å vera til stades 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Arbeidsstad:

Sekse

Kontaktpersonar:

Kristina Garen

mob: +47 48137843

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: