Ullensvang kommune Kulturskulen

100% stilling som distriktsmusikar folkemusikk

Distriktsmusikar folkemusikk
(100 % stilling - fordelt til 50 % utøving og 50 % undervisning)

Ullensvang kommune søkjer: gjeld frå 1.august 2023

Ullensvang kulturskule er ein veldriven kulturskule med om lag 340 elevplassar innan musikk, dans, drama og visuelle kunstfag.
Kulturskulen har eit nært samarbeid med det frivillige kulturlivet i kommunen. Undervisninga er desentralisert med heile 9 undervisningsstader.

Me søkjer ein dyktig folkemusikar med minimum 4 års høgskuleutdanning på hovudinstrumentet med pedagogikk.
● Søkjarane bør ha god kjennskap til lokal tradisjonsmusikk.
● Det å beherske fleire disiplinar vil bli lagt vekt på.
● Søkjarane må vere engasjerte og initiativrike, og dei må kommunisere godt med både born og vaksne.
● Ein må vere innstilt på å jobbe saman med dei andre distriktsmusikarar i regionen og åleine.
● Søkjarane bør ha sertifikat og disponere bil.
● Det er ønskeleg med god datakompetanse

Arbeidsoppgåver:
● Undervisningsdelen består av opplæring av kulturskuleelevar, og den kan også innehalda anna undervisning, seminarverksemd og instruksjon innan det frivillige musikklivet.
● Den utøvande delen består av konsertverksemd i samarbeid med det lokale musikklivet, med distriktsmusikarar og andre musikarar både lokalt og i resten av fylket, institusjonskonsertar, samt skule-og barnehagekonsertar lokalt og i samarbeid med fylkeskommunen.

Me tilbyr:
● Gode vilkår for fagleg utvikling
● Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
● Gode forsikrings- og pensjonsordningar
● Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og prøvespel.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.02.2023

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune

Kontaktpersonar:

Eldbjørg Furholt

mob: +47 97558452

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: