Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

100% stilling som fagarbeidar ved Eidesbrotet bufellesskap

100% og 90% Fagarbeidar, Eidesbrotet bufellesskap

Vil du jobbe som fagarbeidar hos oss? Då kan me tilby faste stillingar ved Eidesbrotet bufellesskap frå snarast. Me er fleksible med omsyn til stillingsprosent dersom du vil jobbe redusert.
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me yter tenester til 18 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Me skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

Hovedarbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver.
  • Yte tenester etter gjeldande vedtak
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Me ynskjer oss kollegaer

  • som er lagspelar og kan gjere andre gode
  • som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • som arbeider for gode tenester i tråd med vedtak og lovverk
  • som lytter, reflekterer og kommuniserer tydelig og respektfullt
  • som er ein trygg fagperson, aktiv og engasjert i faget.
  • som bidreg til sjølvbestemmelse og brukarmedverknad for bebuarane
  • Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere stabil og personleg skikka til stillinga. Du må ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg.

Vi kan tilby

  • Ein spennande og lærerik jobb
  • Opplæring og rettleiing
  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer
  • Årsturnus med mogelegheit for å påverke eiga arbeidstid
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetansehemeng med støtte frå kommunen ● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
  • Ynskte kvalifikasjonar for stillinga:
  • Vi søkjer primært etter helsefagarbeider, men andre med erfaring og interesse for faget og brukargruppa er velkomne til å søke og vert vurderte.

Krav:

  • Politiattest

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.02.2023

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Liv Helen Mårstig

mob: +47 48102374

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: