Ullensvang kommune Rus og psykisk helse, Jondal

100% sjukepleiarstilling ved Rus og psykisk helse avd. Jondal

100% sjukepleiarstilling ved Rus og psykisk helse avd. Jondal

Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!

 

Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga.  

 

Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise. Tenesta omfattar førebygging, utgreiing, behandling, rehabilitering, oppfølging, støtte og rettleiing. 

Tenesteområdet har eit fleirkulturelt miljø, engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver og fokus på å finne individuelt tilpassa løysingar til det beste for kvar einskild brukar. Kvardagen i rus og psykisk helse er innhaldsrik og spanande, og oppgåvene me utfører er mange og varierte.

 

Stillingen inngår i todelt turnus med vakter på dag, kveld og helg.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvarlig for sjukpleiefaglege tiltak og oppfølging 

  • Tverrfagleg samarbeid

  • Sikre dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn

  • Administrasjon av legemiddel og ansvar for ajourhald av legemiddelliste

  • Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane

  • Koordinering av hjelpetiltak, ansvar for innkalling til ansvarsgrupper mm.

  • Primærkontaktfunksjon 

  • Samarbeid med aktuelle samarbeidspartnere i  1. og 2. line tenesta

  • Henvisning til spesialist helsetenesta 

  • Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale

  • Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik

  • Medverke til godt arbeidsmiljø

  • Kjenskap til og aktivt bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

  • Halde seg fagleg oppdatert 

  • Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak

 

Kvalifikasjonskrav:

  • 3 årig sjukepleiar / vernepleiar utdanning / anna helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå 

  • Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg 

  • Erfaring frå arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rus

  • Førarkort klasse B 



Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids - og kommunikative evner 

  • Gode digitale ferdigheter

  • Personleg tryggheit og stabilitet, ha evne til å behalda roen i stressa og uoversiktlige situasjonar

  • Evne til nytenking

  • Evne til inspirere, rettleie og motivere andre

  • Fleksibel og løysningsorientert. 

  • Ansvarsbevisst og påliteleg 

  • Positiv, fleksibel og serviceinnstilt

  • Positiv, engasjert, punktlig og strukturert

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og ansvar

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt



Me tilbyr:

  • Ein arbeidsplass med varierte og spanande dagar, meiningsfulle oppgåver og faglege utfordringar

  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling med støtte frå kommunen

  • Samarbeid med dyktige og erfarne kollegaer

  • Lønn etter gjeldende tariff 

  • Stillinga omfattast av rekrutteringstilskot til nytilsette i kommunen på 50 000kr + 50 000kr med 2 års bindingstid. 

  • Eit stabilt, godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Moglegheit for tilrettelagt arbeidstid og gode forsikrings-, permisjons- og pensjonsvilkår



Krav:

  • Politiattest jfr gjeldande lov

  • Krav til førarkort:klasse B



Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

 

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

 

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Jondal, Synnøve Eiken

tlf: 903 68 901 

e-post: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no

 

Verksemdsleiar Rus og psykisk helse Ullensvang kommune, Nina Sandstå

tlf: 905 24 956

e-post: nina.sandsta@ullensvang.kommune.no

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

861184051

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

16.08.2026

Arbeidsstad:

Jondal

Kontaktpersonar:

Synnøve Eiken

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 90368901

E-post: synnove.eiken@ullensvang.kommune.no

Adresse:

Vik 5627 JONDAL

Kart: