2 årig prosjektleiar ved Renovasjonen
Ledig 2-årig stilling som prosjektleiar ved renovasjonsavdelinga, 100%.
Er du miljøengasjert, strukturert og har erfaring frå gjenvinningsbransjen? Då kan denne stillinga vere noko for deg!
Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Nye nasjonale krav til sortering og innsamling gjer at me no søker ein prosjektleiar som skal bidra til å effektivisere og tilpasse dagens løysingar i tråd med gjeldande regelverk.
Prosjektleiar vil ha kontorplass i vårt nye administrasjonsbygg på Lindenes Miljøstasjon, som ligg plassert ved RV13 mellom Odda og Tyssedal. Du blir del av eit team beståande av verksemdsleiar, avdelingsleiar, kundehandsamar og renovatørar.
Arbeidsoppgåver :
Gjennomføre tiltak frå kommunen sin handlingsplan for renovasjon for å auke utsortering og gjenvinning
Utarbeide og gjennomføre strategiar for tilpassing av innsamlingssystem for avfall i tråd med nye nasjonale krav
Analysere og planlegge for miljømessig og økonomisk effektivisering av arbeids- og innsamlingsrutiner
Informasjonsarbeid
Andre oppgåver kan bli delegert prosjektleiar etter behov.
Kvalifikasjonar for stillinga:
Bachelor/mastergrad i tekniske eller miljøretta fag
Erfaring frå gjenvinningsbransjen
God kjenneskap til data- og analyseverktøy som excel eller tilsvarande
Gode lese- og skriveferdigheiter
Må beherske norsk flytande skriftleg og muntleg
Erfaring frå prosjektleiing er ein fordel
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
Må like å jobbe i team med andre, og ha interesse for fagfeltet
Ansvarsbevisst
Ha evne og vilje til fleksibilitet
Sjå mogelegheiter og løysingar, nytenkande og kreativ.
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver
Lønn etter avtale
Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for heimekontor etter avtale
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Sertifikat klasse B
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Referansenummer:
2026/2746
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
03.08.2026
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda