Ullensvang kommune Jondal skule

Ledig vikariat som lærar ved Jondal skule

Ledig vikariat 80-100% som lærar ved Jondal skule, skuleåret 2026-2027


Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Det er 130 elevar ved skulen, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg.


Me søkjer etter kontaktlærar for ungdomssteget.

 

Kvalifikasjonar:

  • godkjent undervisningskompetanse for undervisning i fag på ungdomsskule

  • erfaring som kontaktlærar

  • gode digitale ferdigheiter

  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Personlege eigenskapar:

  • er ein god klasseleiar

  • har god relasjonskompetanse

  • har god formidlingsevne 

  • samarbeidar godt i lærande fellesskap

  • er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål

  • er løysingsorientert og fleksibel

 

Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø

  • eit godt pedagogisk utviklingsmiljø

  • lønn etter avtaleverk

  • hjelp til å finna bustad

  • varierte arbeidsoppgåver

  • spennande arbeid 

  • lønn etter hovudtariffavtalen

  • gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.


Krav:

  • politiattest

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Referansenummer:

2026/2416

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.06.2026

Arbeidsstad:

Jondal

Kontaktpersonar:

Sarah Marie Røstbø

mob: +47 95122615

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: