Ullensvang kommune Opedal skule

100% stilling som lærar / spesialpedagog på Opedal skule

Det er ledig 100% fast stilling som lærar/spesialpedagog ved Opedal skule frå 01.08.2026.
Stillinga er knytt opp mot elevar med særskild tilrettelegging, men og timelærar på ulike trinn. 

 

Om skulen

Opedal skule ligg vakkert til midt i Lofthus i Hardanger. Skulen er ein 1.-7. skule med 100 elevar og 22 tilsette. Skulen arbeider systematisk med temabasert undervising, stasjonsarbeid, verdiar og læringssirkelen.

 

Me søkjer deg som:

  • er ein engasjert og motivert lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskule

  • har erfaring med å jobba med individuell tilrettelagt opplæring

  • har eit positivt elevsyn og trur på at alle elevar kan lukkast

  • er dyktig til å byggja gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer

  • er fleksibel, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner

  • er ein god lagspelar som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø

  • er fagleg sterk og held deg oppdatert på ny forsking og utvikling i skulen

  • er god på å skapa eit trygt og godt læringsmiljø

  • er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt føremål

  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.

 

Me tilbyr:

  • Ein spennande og meiningsfull jobb i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

  • Engasjerte og positive kollegaer som brenn for elevane.

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver

  • Eit godt pedagogisk utviklingsmiljø og tett samarbeid med støttetenester.

  • Moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing.

  • Lønn etter avtaleverk

  • Arbeidsstad i naturskjønne Ullensvang kommune.

 

Krav:

  • politiattest

 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Referansenummer:

2026/2303

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.06.2026

Arbeidsstad:

Lofthus

Kontaktpersonar:

Bjørg Opedal Hove

mob: +47 47618470

Adresse:

Hellandsveien 40 5781 LOFTHUS

Kart: