Ullensvang kommune Broto

100% vikariat som miljøarbeidar ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik

100 % stilling som miljøarbeidar – 12 månaders vikariat

Døgn- og langvakter Tenesta for funksjonshemma, avdeling Kinsarvik


Om stillinga

Stillinga er knytt til eit 2:1-tiltak under Tenesta for funksjonshemma i Kinsarvik. Tiltaket har fokus på arbeidstrening, fysisk aktivitet og relasjonsbygging. Målsettinga er å leggja til rette for meistring av eigen kvardag og størst mogleg grad av sjølvstende.

Arbeidet er organisert med døgn- og langvakter, noko som gir ein føreseieleg turnus og samanhengande friperiodar. Stillinga er eit vikariat med ei varigheit på 12 månader, med moglegheit for forlenging. Turnusen inneber arbeid kvar 4. helg.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid

  • Legemiddelhandtering

  • Samarbeid med pårørande

  • Oppfølging av interne rutinar i samarbeid med fagansvarleg


Kvalifikasjonar

Me søkjer primært fagarbeidarar innan helsefag, men andre med relevant erfaring kan òg bli vurderte. Relevant arbeidserfaring frå brukargruppa kan vega opp for manglande fagutdanning.


Personlege eigenskapar

  • Engasjement og interesse for målgruppa

  • Løysingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig

  • Positiv bidragsytar til lagspelet i arbeidsmiljøet

  • Erfaring med målretta miljøarbeid og fysisk aktivitet

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

  • Du må vera personleg eigna for stillinga


Me tilbyr

  • Eit fagleg utviklande arbeidsmiljø

  • Turnus med gode friperiodar

  • Opplæring og rettleiing

  • Løn etter hovudtariffavtalen


Krav

  • Godkjend politiattest

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Referansenummer:

2026/2123

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.05.2026

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Lena Fresvik

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 90408273

Adresse:

Kaldhagen 2 5780 KINSARVIK

Kart: