Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage

Styrar i Eitrheimsvågen barnehage

Ullensvang kommune har ledig fast stilling som styrar i Eitrheimsvågen barnehage - stillingsstorleik 100%. Stillinga er ledig frå 01.06.26 eller etter avtale. 

Har du lyst å vera med å skapa gode barndomsminner i ein barnehage med mange moglegheiter?


Vi søkjer styrarar som er tydeleg i leiarskapen sin. Du må ha evne til å utvikla verdiane og læringsmiljøet til barnehagen, og til å inspirera og involvera medarbeidarar i arbeidet mot felles mål. Som styrar får du ei fagleg engasjert leiargruppe. Leiargruppa i barnehagen består av ein assisterande styrar med 60% administrasjonstid, spesialpedagog i 100% stilling og dei pedagogiske leiarane frå grunnbemanninga. Barnehagen har totalt  21,3 årsverk.


Eitrheimsvågen barnehage er ein 6 avdelings barnehage med 120 barnehageplassar fordelt på 90 barn. Barnehagen drifter i barnehageåret 2026/2027 med 5 avdelinger der det er 90 barnehageplassar fordelt på 63 barn.  


I barnehage skal barna oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, medvirkning, meistring og læring. Barnehagen har store areal både ute og inne. Det gir barna gode moglegheiter for variert leik, aktivitetar, prosjektarbeid og sosial læring. Barnehagen har mange faste turplassar og område som dei nyttar til leik, læring og kunnskapbygging i naturen.


Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for drift av barnehagen i forhold til fag, personal, administrasjon og økonomi

  • Sikra medverknad og godt samarbeid med foreldre

  • Samarbeid med andre instanser, som barnevern, helsestasjon, PPT og skolen.

  • Leia og vidareutvikla barnehagen som ein pedagogisk og lærande organisasjon i tråd med barnehagelova, rammeplan og andre overordna vedtak

  • Etablera ei tydeleg fagleg retning og leiing i barnehagen saman med dei pedagogiske leiarane.    

  • Vektleggja ein kultur som blir prega av medverknad frå alle tilsette.   

  • Skapa rom for pedagogisk refleksjon og rettleiing for alle tilsette.   

  • Arbeid for kontinuerleg utvikling av eit inkluderande læringsmiljø tilpassa det enkelte barn og dei barnegruppene som til kvar tid er i barnehagane.   

  • Vere aktør i tverrfagleg samarbeid i arbeid rundt det enkelte barn og barnegrupper. 

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent barnehagelærar eller annan relevant kompetanse

  • Styrarutdanning eller vidareutdanning i leiing er ynskjeleg, men kan takast i etterkant

  • Leiarerfaring blir vektlagt

 

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg sterk og har evne til nytenking

  • Løysingsfokusert og raus

  • Kan visa til resultat frå utvikling og endringsarbeid

  • Gir og tek i mot tilbakemeldingar, ser verdien av at vi er betre saman enn kvar for oss

  • God evne til å inspirera, involvera og motivera medarbeidarane dine, samtidig som du stiller krav

  • Du må vera sjølvstendig og ha gode fremdrifts- og gjennomføringsevner

  • Står trygt også i utfordrande situasjonar

  • Strukturert arbeidsform, kan handtera fleire og samansette arbeidsoppgåver

  • Ryddigheit og innsikt i økonomistyring

 

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeid 

  • Løn: lokal avlønningsmodell for leiarar

  • 10 fridagar som kompensasjon for meirarbeid utover ordinær arbeidstid

  • 24/7 mobil

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.



Krav:

  • Politiattest

  • Godkjend tuberkulinstatus



Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.


Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Referansenummer:

2026/1714

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

10.05.2026

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Wenche Jordal

Stilling: Sektorleiar barnehage

tlf: +47 46901209

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: