Ullensvang kommune Inkludering

100% vikariat som avdelingsleiar EM - butiltak

Vikariat 100 % – Avdelingsleiar EM-butiltak

 

Ullensvang kommune – Verksemd for inkludering

Ullensvang kommune søkjer ein tydeleg og trygg avdelingsleiar til EM-botiltaket i vikariat frå dags dato og fram til 31.12.2026. Moglegheit for forlenging av vikariatet og/eller anna relevant arbeid i Ullensvang kommune, avhengig av behov og kvalifikasjonar.

Arbeidsstad: Kinsarvik brygge, Kinsarvik

 

Om EM-botiltaket

EM-botiltaket er eit kommunalt bustad- og oppfølgingstilbod for einslege mindreårige flyktningar. Tiltaket er døgnbemanna og har fokus på tryggleik, struktur, relasjonsarbeid og samarbeid med andre kommunale tenester og eksterne instansar.

 

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing og drift av EM-botiltaket

  • Personalansvar, inkludert oppfølging, rettleiing og turnus

  • Fagleg ansvar for miljøterapeutisk arbeid og oppfølging av ungdom

  • Samarbeid med verksemdsleiar, flyktningtenesta og andre relevante instansar

  • Bidra til utvikling, kvalitetssikring og etterleving av gjeldande rutinar og lovverk

  • Handtering av krevjande situasjonar og ansvar for tryggleik i tiltaket

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning (til dømes barnevern, sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller tilsvarande)

  • Leiarerfaring og/eller erfaring frå arbeid med barn og unge i sårbare livssituasjonar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

  • Dokumentert norskkunnskap på minimum nivå B2

  • Nynorsk er administrativt og skriftleg språk i Ullensvang kommune

  • Sertifikat klasse B

  • Erfaring med turnus, bemanning og HMS er ein fordel

 

Personlege eigenskapar

  • Tydelig, trygg og strukturert leiarstil

  • God relasjonskompetanse og evne til å stå i krevjande situasjonar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar

  • Engasjert, løysingsorientert og fagleg bevisst

 

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfullt og samfunnsviktig leiaroppdrag

  • Eit sterkt fagmiljø innan inkludering og oppfølging av flyktningar

  • Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk

  • God støtte frå verksemdsleiar og leiarnettverk i kommunen

 

Anna

  • Det vert kravd politiattest før tiltreding

  • Tilsetjing skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av lov- og avtaleverk

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.02.2026

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Trude Elisabeth Bakken

Stilling: Konstituert verksemdsleiar

mob: +47 95748262

Adresse:

Sandvikevegen 11 5780 KINSARVIK

Kart: