Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning

86% stilling som helsefagarbeidar, natt ved Mjøstølen avlastning

Helsefagarbeidar 86 % – Nattevakt ved Mjøstølen avlastning

 

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 86 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt ved Mjøstølen avlastning, med arbeid kvar tredje helg. Stillinga er del av ei ordning med to nattevakter på plass.

 

Om Mjøstølen avlastning

Mjøstølen avlastning yter tenester til familiar som har barn med ulike funksjonsvariasjonar, og til unge vaksne med funksjonsvariasjonar. Vi har døgndrift, og er lokalisert sentralt i Odda.

Vi er opptekne av at både brukarar og pårørande skal oppleve tryggleik, kvalitet og forutsigbarheit. Hos oss møter du eit stabilt, inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø der vi samarbeider tett og støttar kvarandre i det daglege arbeidet.


Om stillinga

Som helsefagarbeidar på natt er du ein viktig tryggleiksperson for barn og unge vaksne med ulike behov. Arbeidet handlar om å skape rolege og trygge rammer gjennom natta, vere tilgjengeleg ved behov og sikre god oppfølging før, under og etter natta. Du bidreg til at brukarane får ei trygg og god natt, og til kontinuitet og kvalitet i tenestene.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Regelmessige tilsyn gjennom natta

  • Sikre ro, tryggleik og omsorg 

  • Vere i beredskap og handtere behov som kan oppstå på natt

  • Bidra i kveldsrutinar og kveldsstell før leggetid

  • Støtte i morgonstell og førebuing til dagen når brukarane vaknar

  • Dokumentere observasjonar og hendingar i tråd med gjeldande rutinar

  • Samarbeide tett med kollegaer for å sikre kontinuitet og god kvalitet i tenestene


Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar

  • Andre med relevant fagutdanning eller erfaring frå liknande arbeid vil og verte vurdert

  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

  • Erfaring med bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Møter menneske med ro, respekt og varme

  • Er engasjert og har interesse for arbeid med barn og unge vaksne med funksjonsvariasjonar

  • Arbeider strukturert, sjølvstendig og tek ansvar

  • Er ein positiv og fleksibel lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø

  • Har evne til å reflektere fagleg og gi konstruktive tilbakemeldingar

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.


Vi tilbyr

  • Ein trygg og støttande arbeidsplass med godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

  • Faglege utviklingsmoglegheiter og tilrettelegging for kompetanseheving

  • Løn etter gjeldande hovudtariffavtale

  • Gode permisjons- og pensjonsordningar

  • Ullensvang kommune er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA)


Krav

  • Gyldig politiattest

  • Godkjend tuberkulinstatus

Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

22.02.2026

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Harald Molven

Stilling: Verksemdsleiar

mob: +47 97436662

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: