100% stilling som sjåfør ved Renovasjonen
1 ledig fast stilling som sjåfør ved Ullensvang Renovasjon - stillingsstorleik 100%
Ullensvang Renovasjon driv innsamling og handtering av avfall frå hushaldningar, hytter og bedrifter i kommunen. Vi søker no sjåførar til arbeid på komprimatorbil og miljøstasjon.
Gjenvinningsbransjen er i rivande utvikling. Avfall er ikkje lenger berre eit problem, men og ein ressurs. Gode renovasjonstenester gjer at avfall kan resirkulerast og bli til nye produkt, og er slik ein viktig medverknad til berekraftig utvikling.
Hos oss vil du vere ein del av eit team på rundt 20 tilsette, som saman arbeider for at våre abonnentar skal få ei god og miljøvenleg renovasjonsteneste. Me kan tilby splitter nye garderobar, møterom og matsal på Lindenes Miljøstasjon, og eit kollegium med brei kompetanse i gjenvinningsfaget. I den daglege drifta rapporterer sjåførar og renovatørar til avdelingsleiar.
Primære arbeidsoppgåver:
- Innsamling av kjeldesortert avfall frå hushaldningar og bedriftar
- Mottak og handtering av grovavfall på miljøstasjon
- Vedlikehald og reinhald av køyretøy
Den som vert tilsett vil måtte pårekna å jobbe innan samtlege av desse områda. Dette inkluderer noko laurdagsarbeid, etter turnus.
Kvalifikasjonskrav:
- Førarkort klasse C
Ynskte kvalifikasjonar:
- Søkarar med godkjend YSK vil prioriterast
- Maskinførarbevis er ynskjeleg
- Fagbrev i gjenvinningsfaget og eller relevant erfaring innan renovasjon er ynskjeleg
- Det er viktig at du kan samarbeida i eit team, men også arbeida sjølvstendig
- Kunne kommunisere munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Ansvars- og kvalitetsbevisst
- Gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og miljøengasjert
- God på samarbeid, og vilje til fleksibilitet
Me tilbyr:
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
25.01.2026
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Gunnvor Dagestad
mob: +47 93016542
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda