Ledige stillingar som helsefagarbeidarar ved Eide helsetun
Eide helsetun har fylgjande ledige stillingar som helsefagarbeidar:
- 3 stillingar à 100% fast
- 90% fast stilling
- 75% stilling i 1 års vikariat
- 50% stilling i 1 års vikariat
Eide Helsetun er eit nybygd sjukeheim som har kapasitet til 63 bebuarar fordelte på 7 avdelingar. I 2024 vart tidlegare Eide Omsorgssenter ein del av sjukeheimen, og i 2025 vil det bli gjennomført ei oppgradering av eksisterande bygg og innføring av velferdsteknologi. Me har moderne fasilitetar og eit sterkt fagmiljø, og me søkjer no etter helsefagarbeidarar til faste stillingar.
Om Eide Helsetun:
Eide Helsetun vart ferdigstilt i 2023 og har heilt nye fasilitetar for å sikra ein høg standard på tenestene til bebuarane våre. Sjukeheimen består av 7 avdelingar, og fleire er spesialtilpassa for bebuarar med demensdiagnose. I 2025 vil me gjennomføra oppgraderingar som inkluderer implementering av velferdsteknologi for å auka kvaliteten på pleia og gjera kvardagen lettare for både bebuarar og tilsette.
Arbeidsoppgaver:
• Utføre pleie- og omsorgsarbeid til bubuarane våre.
• Bidra til et trygt og godt miljø for beboerne, både fysisk og psykisk.
• Vareta det daglege behovet til bebuarane, inkludert stell, medisinering, og oppfølging av helsetilstand.
• Samarbeide tett med kollegaer, pårørende og anna helsepersonell for å sikre individuell tilpasset pleie.
• Dokumentere og følge opp pasientens helse og velvære i samsvar med gjeldande retningslinjer.
Kvalifikasjoner:
• Autorisasjon som helsefagarbeider.
• Erfaring frå arbeid med personer med demens og andre somatiske lidelser er ønskelig, men ikkje et krav.
• Gode kommunikasjonsevner, både muntleg og skriftleg.
• Evne til å jobbe selvstendig og i team.
• Personlig egnethet og interesse for eldreomsorg vil bli vektlagt.
• Norsk muntlig og skriftlig B2.
Vi tilbyr:
• Varierte arbeidsdagar i eit faglig stimulerende miljø.
• Gode langvaktsturnuser som gir mulighet for lange friperioder.
• Gode muligheter for pendling, spesielt for deg som ikke har lokal tilknytning til området.
• Nybygde og moderne fasiliteter som gir et godt arbeidsmiljø.
• Kompetanseutvikling og muligheter for videreutdanning.
• Lønn etter tariff og gode pensjonsordninger.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e- post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e-post i innboksen din, sjekk uønska e- post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
19.01.2026
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Roald Nissestad
mob: +47 951 18 511
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Eidesbrotet 21 5750 Odda