100% fast stiling som helsefagarbeidar ved Eidesbrotet bofellesskap
Langvakter, fagglede og ein jobb som betyr noko
Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillingen inngår i ei langvaktsturnus (13–14 timar) som gir deg noko mange set pris på: lengre friperiodar og meir fri i kvardagen. Du jobbar kvar fjerde helg, og resten av tida får du rom til både jobbglede og privatliv.
Om oss
Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne personar med funksjonsnedsetting og ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 brukarar, både i bufellesskapet og i nærområdet.
Hos oss er det ikkje berre turnusar og vedtak som tel – menneska kjem først. Vi jobbar for at kvar enkelt skal meistre eigen kvardag, vere mest mogleg sjølvstendig og oppleve ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag.
Vi ønskjer også å vere ein arbeidsplass der det er lov å trivast, le litt i kvardagen og kjenne på arbeidsglede, engasjement og fagleg stoltheit.
Kva går jobben ut på?
Som helsefagarbeidar hos oss vil du ha varierte og meiningsfulle arbeidsdagar, der ingen dag er heilt lik – og det er akkurat slik vi likar det.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
Målretta miljøarbeid
Yting av tenester i tråd med vedtak
Aktiv deltaking i kvardagsaktivitetar saman med brukarane (ja, her rører vi oss – både inne og ute)
Praktiske og faglege oppgåver i kvardagen
Veiledning og samarbeid i personalgruppa
Bidra til eit trygt, godt og inkluderande arbeidsmiljø
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
er utdanna helsefagarbeidar. Andre relevante fagutdanningar vil og verte vurderte
har engasjement for faget og menneska du jobbar med
trivst med aktivitet og bevegelse i arbeidstida
kan jobbe både sjølvstendig og i team
er fleksibel, løysingsorientert og taklar endringar med eit smil
har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
har grunnleggande datakunnskap
meistrar norsk, både skriftleg og munnleg
Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for målgruppa vert vektlagt. Personleg eignaheit er viktig – vi ser etter rett person, ikkje berre rett CV.
Kva kan vi tilby deg?
Ein spennande, variert og lærerik jobb
Langvaktsturnus som gir meir samanhengande fritid
Opplæring og rettleiing
Dyktige, hyggelege og løysingsorienterte kollegaer
Eit arbeidsmiljø med rom for både fagleg utvikling og humor
Moglegheit for tilrettelegging av overnatting mellom vakter for deg som bur i annan kommune
Politiattest må framleggjast før tilsetting.
Høyrest dette ut som ein arbeidsplass du kunne trivast i? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kontaktpersonar for stillinga: Harald Molven, Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma
Telefon 97436662, harald.molven@ullensvang.kommune.no
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
18.01.2026
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Eidesbrotet 25 5750 Odda