Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap

2 stillingar à 100% som vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap

Vernepleiar søkjast – fag, fellesskap og fritid i balanse

Har du lyst på ein jobb der du får brukt fagkompetansen din fullt ut, vere tett på menneske – og samtidig få meir samanhengande fritid? Då bør du lese vidare.

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har to ledige 100 % faste stillingar som vernepleiar ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillingane inngår i langvaktsturnus (13–14 timar), som gir deg noko mange set stor pris på: lengre friperiodar og betre balanse mellom jobb og fritid. Arbeid kvar fjerde helg er ein del av turnusen.


Om Eidesbrotet bufellesskap

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne personar med funksjonsnedsetting og ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 brukarar, både i bufellesskapet og i nærområdet.

Hos oss er målet klart: Brukarane våre skal få leve trygge, aktive og mest mogleg sjølvstendige liv, ut frå eigne føresetnader. Det krev fagleg styrke, engasjement – og evna til å sjå mennesket bak vedtaka.

Vi ønskjer også å vere ein arbeidsplass der det er rom for både fagleg utvikling, arbeidsglede og litt humor i kvardagen.

 
Kva går jobben ut på?

Som vernepleiar hos oss får du ei sentral rolle i tenestene vi yter. Arbeidsdagane er varierte, fagleg utfordrande og langt frå stillesitjande.

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid

  • Legemiddelhandtering

  • Veiledning av kollegaer

  • Varierte faglege og praktiske oppgåver

  • Yting av tenester i tråd med gjeldande vedtak

  • Utarbeiding og oppfølging av interne rutinar i samarbeid med leiar

  • Dokumentasjon i gjeldande IT-verktøy

  • Aktiv deltaking i kvardagen saman med brukarane – turar, aktivitetar og det som dagen måtte bringe

 
Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som:

  • er autorisert vernepleiar

  • har engasjement for faget og brukarane

  • er fleksibel, løysingsorientert og positiv til endringar

  • handterer uforutsette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte

  • trivst med å vere i fysisk aktivitet og delta på turar og aktivitetar saman med brukarane

  • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

  • meistrar norsk, både skriftleg og munnleg

Andre søkjarar med relevant høgskuleutdanning innan helse kan bli vurderte (til dømes sjukepleiar).

Erfaring frå målretta miljøarbeid og arbeid med målgruppa vert tillagt stor vekt. Personleg eignaheit er avgjerande – vi er opptatt av å finne rett person, ikkje berre rett tittel.


Kva kan vi tilby deg?

  • Ein arbeidsplass som tek både fag og fellesskap på alvor

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

  • God balanse mellom jobb og fritid, mellom anna gjennom langvaktsturnus med samanhengande friperiodar

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • God støtte til kompetanseheving – vi heiar på utvikling!

  • IA-bedrift med gode pensjons- og permisjonsordningar

  • Kr 25 000 i tillegg til tariffløn for vernepleiar/sjukepleiar i turnus

  • Hjelp til å skaffe tak over hovudet hvis du pendlar eller kjem flyttande

  • Eigen rekrutteringsavtale for vernepleiarar og sjukepleiarar 


Politiattest må framleggjast før tilsetting.

Kjenner du deg igjen? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å få deg med på laget!


Kontaktpersonar for stillinga:  Harald Molven, Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma

Telefon 97436662, harald.molven@ullensvang.kommune.no


Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/



 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

18.01.2026

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Simona Jurkiene

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 46905658

Adresse:

Eidesbrotet 25 5750 Odda

Kart: