Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap

22,54% helgestilling som assistent ved Eidesbrotet bofellesskap

Helgestilling 22,54% som assistent ved Eidesbrotet bufellesskap

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig helgestilling 22,54 % som assistent ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillingen omfattar. arbeid ettermiddag fredag og 12 timar lørdag og søndag kvar fjerde helg. Det er mogleg å ta ekstravakter dersom du ønskjer det. Denne stillinga passar godt for unge menneske og studentar, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk eller andre relevante studium, som ønskjer verdifull arbeidserfaring ved sida av studiar.

 


Om Eidesbrotet bufellesskap

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 brukarar i bufellesskapet og nærområdet.

Vi legg vekt på å yte tenester med god kvalitet og tilretteleggje for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

 


Hovudarbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid

  • Aktivitet med brukarane og fokus på livsmestring

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

 
Kven ser vi etter?

  • Ingen spesielle utdanningskrav, men du må vere interessert i å arbeide med menneske med ulike bistandsbehov

  • Du kan arbeide både sjølvstendig og i team

  • Har gode samarbeidsevner

  • Er fleksibel og positiv til endringar

  • Trivst med fysisk aktivitet og deltaking i kvardagsaktivitetar med brukarane

Erfaring og interesse for målgruppa vert lagt stor vekt på. Vi legg også vekt på at du er stabil og personleg skikka til stillinga. Du må ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg.


Kva kan vi tilby deg?

  • Ein spennande og lærerik jobb

  • Opplæring og rettleiing

  • Dyktige, hyggelege og løysingsorienterte kollegaer

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • IA-bedrift med fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsordningar


Politiattest må framleggjast før tilsetting.


Kontaktpersonar for stillinga: Harald Molven, Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma

Telefon 97436662, harald.molven@ullensvang.kommune.no


Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/



Del på:

Fylke:

  • Vestland

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

18.01.2026

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Simona Jurkiene

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 46905658

Adresse:

Eidesbrotet 25 5750 Odda

Kart: