Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Ringevikar som BPA (bruktarstyrt personleg assistent)

Bli ringevikar  som personleg assistent (BPA) for ein aktiv og sosial 17-åring i Tyssedal!

Har du lyst på ein meiningsfull og variert jobb der du utgjer ein forskjell – akkurat dei dagane du har tid og høve?
Vi søkjer trygge, engasjerte og fleksible ringevikarar til ein aktiv 17-åring med stort behov for støtte i kvardagen.

Han er ein blid, nysgjerrig og aktiv ungdom som elskar bading, sykling, kino, turar, feriar og gode opplevingar. Du blir ein viktig støttespelar i både heim, fritid og aktivitetar.


Om vaktene

Som ringevikar blir du kontakta ved:

  • sjukdom
  • fråvær
  • ekstra behov i teamet
  • helger, dag/ettermiddag, natt  og feriar
  • eventuelle lengre vikariat ved behov


Vi har eit variert vakttilbod med både dag, kveld og natt – perfekt for deg som vil jobbe når det passar.

Det er eit stort pluss om du kan ta langvakter inntil 12,5 timer


Kva jobben går ut på

Du vil:

  • bidra til at han meistrar kvardagen
  • vere med på fysisk aktivitet: symjing, sykling, treningssenter, turar mm
  • støtte han i sosiale situasjonar, fritidsaktivitetar og rutinar
  • gi tryggleik, struktur og gode opplevingar
  • samarbeide tett med familien og teamet rundt han

Du følgjer han dit han er – heime, ute, på aktivitetar eller på tur.


Kven passar som ringevikar?

Vi ser etter deg som:

  • har godt humør, omsorg og tålmodig natur
  • er fleksibel og kan stille på kort varsel
  • er trygg, pliktoppfyllande og sjølvgåande
  • har gode norskkunnskapar
  • har førarkort klasse B
  • trivst med ungdom og held deg roleg i ulike situasjonar
  • er løysingsorientert og engasjert


Du treng ikkje helsefagleg utdanning – opplæring blir gitt av mor, som er arbeidsleiar for BPA-ordninga.

Politiattest er påkravd.

 
Kvifor bli ringevikar hos oss?

  • Du får ein meiningsfull jobb der du gjer ein konkret forskjell
  • Fleksibel arbeidstid som passar for studentar, deltidsarbeidande eller andre som vil jobbe ekstra
  • Variasjon, aktivitet og gode opplevingar
  • Eit inkluderande, trygt og samarbeidsorientert arbeidsmiljø


Søknader blir vurdert fortløpande, og oppstart skjer etter avtale.

Vi oppmodar deg til å søkje så snart som mogleg.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

28.02.2026

Arbeidsstad:

Tyssedal

Kontaktpersonar:

Harald Molven

mob: +47 97436662

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 ODDA

Kart: