Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

80% stilling som helsefagarbeidar ved Mjøstølen avslastning

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 80% fast stilling som fagarbeider i turnus ved Mjøstølen avlastning. Du går inn i ei langvaktsordning (12,5 timer) med moglegheiter for lengre friperioder. Arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga.

Mjøstølen avlastning yter tenester til familiar som har barn med ulike funksjonsvariasjonar. Vi yter også tenester til unge vaksne med funksjonsvariasjonar.  Vi har døgndrift i lokale tett på Odda sentrum. 

Vi er opptekne av at barna og familiene skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet inneber difor å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følgje opp individuelle behov. Vi samarbeider også med pårørande, skular, barnehagar og andre instansar, som spesialisthelsetenesta.  Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester ved å støtte og hjelpe kvarandre i det daglege arbeidet. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Legemiddelhandtering

  • Oppfølging og gjennomføring av individuelle vedtak og prosedyrer knytt til helse, daglege gjøremål og fritid.

  • Benytte og videreutvikle fagkunnskapen i det daglege arbeidet - bidra til å fremme et godt fagleg innhald i tenesta og skape tryggleik

  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

  • Utføre miljøarbeid og bidra til fagleg gode tenester 

 

Kvalifikasjonar:      

  • Autorisasjon som helsefagarbeider 

  • Skriftleg og munnleg norskkunnskap

  • Erfaring frå bruk av IT verktøy 

  • Kandidatar med erfaring frå arbeid med utfordrande og utagerande åtferd vert prioriterte.


Personlege eigenskapar: 

  • Du må vere fagleg dyktig, engasjert og brenne for arbeidet du legg ned.

  • Du må vere systematisk, ha evne til å motivere andre og vere ein god lagspelar. 

  • Du må ha ein god evne til å tenka kritisk, gi konstruktive tilbakemeldingar og arbeide sjølvstendig.

  • Du må vere ein positiv og engasjert medarbeidar som er opptatt av eit godt arbeidsmiljø. 

  • Du er fleksibel og positiv til endringar

 

Vi tilbyr: 

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav: 

  • Politiattest

  • Godkjend tuberkulinstatus

 

Oppstart snarast mogleg eller etter avtale. 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån: 

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld 

 

Til orientering om Offentleglova: 

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. 

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: 

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

07.12.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Harald Molven

mob: +47 97436662

Adresse:

Kaldhagen 2 5780 KINSARVIK

Kart: