Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn

100% vikariat som merkantil i Inkludering

 

Verksemd for inkludering søker merkantil medarbeidar i 100% årsvikariat frå 01.12.25 til 01.12.26. Det vil være moglegheit for fast ansattelse i Ullensvang kommune etterpå.

Inkludering har ansvar for introduksjonsprogram og oppfølging av flyktningar i tillegg til tiltak for einslege mindreårige. For tida er det 30 årsverk i Inkludering. Verksemda ligg under sektor kultur, næring og samfunn. Kommunen arbeider for tida med omorganisering i sektoren, noko som kan føra til endringar. 

Vi søkjer etter deg som:

  • er positiv, strukturert, engasjert og arbeidsom

  • er dyktig på samarbeid, både internt i verksemda og med eksterne samarbeidspartnarar

  • er god på digitale system

  • ser løysingar

  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø

  • bidreg i vidareutvikling av fagleg kvalitet i tenesta, samt implementering av nye prosedyrar, arbeidsmåtar og system

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev eller høgskoleutdanning, gjerne i administrative fag

  • God digital kompetanse

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

  • Minimum førarkort klasse B (manuell bil)

  • Har gode kommunikasjonsferdigheter

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av felles epost

  • Fakturabehandling i Visma og fagsystemet Flyvo 

  • Billag til økonomi - vipps, bankkortrapport, ventebillag etc.

  • Oppfølging i Websak i samband med busettingar, tilskudd og anna

  • Hente/levera post 

  • Skanning og postregistrering i Flyvo 

  • Arkiveringsarbeid 

  • Varebestilling

  • Betene telefon

Lista er ikkje uttømmande

Me kan tilby:

  • Kjekke arbeidsoppgåver i eit travelt, men givande miljø

  • Stor grad av fleksibilitet

  • Lønn etter gjeldande tariffavtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Arbeidsstad i Odda eller Kinsarvik. Det kan vera aktuelt å vera begge stader.

 

Personlege eigenskaper vil bli vektlagde.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.11.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Gunnvor S. Medhus

Stilling: Kommunalsjef Kultur, næring og samfunn

mob: +47 97558407

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: