Ullensvang kommune Rus og psykisk helse

100% stilling som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse, Jondal

Rus og Psykisk helse avdeling Jondal, Bufellesskapet Vik  

 

Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus og Psykisk helse. Me tilbyr tenester til personar over 18 år med psykiske plager/lidingar og/eller rusmiddelavhengigheit.

Tenesteområdet har engasjerte medarbeidarar, fagleg utfordrande oppgåver, og fokus på å finna dei beste løysingane i lag med den enkelte brukar. 

 

Bufellessskapet Vik er organisert under rus og psykisk helse si avdeling i Jondal, og er eit døgnbemanna bufellesskap med 6 bueiningar for personar med langvarig psykisk liding. Her arbeider ein flott gjeng samansett av helsefagarbeidarar, fagarbeidarar, assistentar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Me er opptatt av å tilby god kvalitet til brukarane våre og legg vekt på fagutvikling, deling av kunnskap, og kontinuerleg forbetring av tenestene.  

 

Ved Rus og Psykisk helse avdeling Jondal har me ledig denne stillinga:

 

Helsefagarbeidar 100 % - fast stilling

Rus og Psykisk helse har ledig ei 100 % helsefagarbeidarstilling i turnus, for tida på natt (gjeldande turnus har kombinasjon av vaken og sovande vakter med lønnsprosent 85 %), ved vår avdeling i Jondal. Arbeidet er i utgangspunktet knytt til Bufellesskapet Vik.

 

Hovudoppgåver:

  • Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale

  • Tverrfagleg samarbeid

  • Dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal, Aidn

  • Legemiddelhåndtering

  • Medansvar for fagleg forsvarlegheit, samt for forsvarleg forvaltning av ressursane

  • Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik

  • Medverke til godt arbeidsmiljø

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar (andre med relevant erfaring kan òg søke)

  • Vidareutdanning i psykisk helse er ynskjeleg

  • Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg

  • Førarkort klasse B er ein fordel

  • Du må leggje fram gyldig politiattest

 

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og engasjert  

  • Godt humør og positiv innstilling

  • God samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig

  • Evne til god kommunikasjon, vere reflektert og å kunna skapa gode relasjonar til brukarane og pårørande

  • Evne til å behalde ro i utfordrande situasjonar

  • Evne til å tenkje nytt og å vere kreativ

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

 

Me tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer

  • Internundervisning og fagleg påfyll

  • Fadderordning for nytilsette

  • Spennande og utfordrande arbeid

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Lønnsvilkår: Etter HTA

 

For meir informasjon om stillinga ta gjerne kontakt med: verksemdleiar, Synnøva Sæbø, tlf 907 19 488, e-post: synnova.sebo@ullensvang.kommune.no

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

18.11.2025

Arbeidsstad:

Jondal

Kontaktpersonar:

Synnøve Eiken

mob: +47 97630094

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: