Ullensvang kommune Broto

2 stk à 22,54% stilling som assistent i helgestilling ved Tenester for funksjonshemma, Kinsarvik

2 stk 22,54 % helgestillinger som assistent i Tenesta for funksjonshemma avd. Kinsarvik.  

 

Om oss:

Broto bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Me driftar og eit avlastningstilbod, dagtilbod og eit 2 til 1 tilbod i eigen tilrettelagt bustad.

Vår målsetting er å leggje til rette for at tenestemottakarane skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. 

Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt. Me yter tilrettelagde tenester med god kvalitet og legg til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.Me søker etter fagleg dyktige kollegaer som er engasjert i målgruppa og som ynskjer å jobbe i team med faglege utfordringar. Me yter tenester personar med ulike bistandsbehov, og arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande. 

 

Me styrker helgene våre med ekstra personale på helg. Arbeider du redusert eller studerer innen helsefag, er dette den perfekte stillinga for deg. Er du vernepleiar eller sjukepleiarstudent og ynskjer fast inntekt og nyttig praksis samtidig? Andre med interesse for faget og målgruppa oppfordres til å søke.

Stillinga inneber arbeid kvar fjerde helg med seinvakt fredag og langvakter laurdag og søndag. Oppstart i stillingane snarast mogleg. 


Hovedarbeidsoppgåver:

  • Bistå brukerane slik at dei opplever ein meiningsfull kvardag med meistring og utvikling

  • Målretta og strukturert miljøarbeid

  • Samarbeide i team på tenestestaden, og mot andre einingar

  • Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver

  • Yte tenester etter gjeldande vedtak

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Samarbeid med pårørande

 

Me arbeider aktivt med å førebyggje utfordrande åtferd. For å klare det, og for å oppnå størst mogleg sjølvstende for brukarane, vektlegges strukturerte dagsplanar og arbeidsoppgåver. Det krevst difor at du er strukturert og klarar å arbeide etter fastsette rutinar. Arbeidsdagen kan vere av ein slik karakter at det kan opplevast fysisk og psykisk utfordrande.


Me ser etter deg som:

  • Kan arbeide sjølvstendig og i team

  • Er fleksibel og positiv til endringar

  • Liker å vere i fysisk aktivitet

  • Gjerne har musikalske ferdigheiter

  • Er ansvarsfull, tek eigarskap til jobben og har god gjennomføringsevne.

  • Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for faget og målgruppa, vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga. 

  • Du må og ha grunnleggande datakunnskap og meistre norsk skriftleg og munnleg



Me tilbyr mellom anna:

  • Ein spennande og lærerik jobb og ein god erfaring på CV for deg som er student

  • Opplæring og rettleiing i eit godt arbeidsmiljø

  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer

 

Det er krav om politiattest før tilsetting.

 

Ullensvang kommune tilbyr stipend til vernepleier/sjukepleier studenter frå kr. 25 000 - 30 000 i fast helgestilling.

● Stipend kr.25 000 (skattepliktig) med binding på min. 9 -12 helger pr.år.

● Stipend kr. 30 000 (skattepliktig) med bindingstid på 12 helger eller meir.

● Stipendet vert fordelt ut som månadlege utbetalingar.

● Løn etter lokal lønspolitisk plan Ullensvang kommune. 

● For alle studentar: Bindingstid 5 veker på sommaren - 2 helger av dei 9 -12

arbeidshelgene inngår i sommarperioden.

● Avtalen gjeld for 1 år om gongen, rekna frå oppstartsdato arbeidshelg i turnus.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Forslått fjerna i statsbudsjettet

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Hvis du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.11.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Therese Bakke

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 90408273

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: