Ullensvang kommune Bråvolltunet

100% fast stilling (60% som heimehjelp og 40% som aktivitør) i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet

100% fast stilling (60% som heimehjelp og 40% som aktivitør) i Omsorgstenesta aust Bråvolltunet

Ledig 100% fast stilling (60% som heimehjelp og 40% som aktivitør)


Arbeidsstad: Omsorgstenesta aust Bråvolltunet, Kinsarvik


Pleie og omsorg aust er stasjonert i Kinsarvik og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på
sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 18 plassar, der 2 er korttidsplasser. I heimetenesta yter me tenester til om lag 90 pasienter.

I Omsorgstenesta aust har me eit godt arbeidsmiljø, med eit fleirkulturelt miljø.


Tenestene me utfører er mange og ulike, så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , tenester som er tilpassa kvar enkelt.

No treng me ein heimehjelp og aktivitør med på laget, som skal arbeide tett med, avdelingsleiarane og dei andre helsearbeiderane i tenesta.

Stillinga inneheld arbeid 3 dagar i veka som heimehjelp og 2 dagar i veka som aktivitør på dagtilbodet for heimebuande.


Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer . Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.

God opplæring vert gitt.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Vask av rom som er i dagleg bruk, og andre heimehjelpsoppgåver etter vedtak
  • Handling
  • Enkle helsehjelpoppgåver
  • Vera med å organisere og drifte dagtilbodet for heimebuande kvar tirsdag og torsdag

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Ingen kvalifikasjoner er påkrevd
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og godt humør
  • Engasjert
  • Endringsdyktig
  • Fleksibel
  • Punktlig og strukturert
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorgen
  • Gode kommunikasjonsevner

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Lønn etter hovudtariffavtalen
  • Årsturnus
  • Gode permisjons- og pensjonsvilkår
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Krav:

  • Politiattest jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4
  • Krav til førarkort klasse B
  • Krav til B2 muntlig, skriftlig B1. Språkkunskaper kan og verte vurdert individuelt.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000,- kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse
kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp.
Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helstetter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:


Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast
vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerastoppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har
oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du
er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.10.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Kari Skare Storhei

mob: +47 909 99 842

Adresse:

Bråvoll 1 5780 KINSARVIK

Kart: