Ullensvang kommune Jondal barnehage

Ledige vikariater som barne- og ungdomsarbeidar ved Jondal barnehage

Vil du ha verdens viktigste jobb?

 

Ullensvang kommune har ledig 2,5 årsverk, vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Jondal barnehage frå november 25 -  august 26

 

Jondal Barnehage er ein 4 avdelings barnehage med 53 barn, som ligg sentralt i Jondal sentrum ved sida av barneskule, bibliotek, idrettshall og symjehall, og har mange flotte turområde i nærleiken.

Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Me ynskjer å laga gode kvardagar for små og store i barnehagen gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.

 

Me ynskjer oss barne- og ungdomsarbeiderar som evnar å ta barnas perspektiv, og til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barn. I Jondal barnehage  ser me på alle barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet.

Du må ha evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna. Me ynskjer oss barne- og ungdomsarbeiderar med gode samarbeidsevner, som er fleksible og løysningsorienterte. For å få til dette set me gode kommunikasjonsferdigheiter høgt. 

Du er opptatt av kvalitet i barnehagen, og ynskjer å utvikle deg faglig. Du må òg ha evne til å vere med på å utvikle verdiane og læringsmiljøet i barnehagen.

 

Arbeidsoppgåver:

Som barne- og ungdomsarbeidar har du medansvar for:

  • Planlegge og gjennomføre leik og aktivitetar, som fremmer trivsel og utvikling

  • Være ein trygg og støttande voksenperson for barna

  • Bidra til å skapa eit inkluderande og godt læringsmiljø

  • Delta aktivt i det pedagogiske arbeidet og samarbeide med andre

  • Ha ansvar for daglegdagse oppgåver og rutiner

  • Sjå kvart enkelt barns behov og setta inn tiltak til det beste for barna

 

Kvalifikasjoner og krav

  • Bestått fagbrev for barne- og ungdomsarbeidar.  Andre kan verte vurdert til stillingane.

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon jf Lov om barnehager § 27

  • Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding, jf. Lov om barnehager §30

  • Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.

  • Har evne til å sjå og skapa relasjon til alle barna

  • Grunnleggende ferdigheter med bruk av digitale verktøy



Vi tilbyr

  • Lønn i hht tariffavtale

  • Gode pensjon- og forsikringsavtaler

  • Gode utdanningsstipend



Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

 Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.


I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.10.2025

Arbeidsstad:

Jondal

Kontaktpersonar:

Mona Stølheim Aasen

mob: +47 481 75 399

Adresse:

Vik 1 5627 Jondal

Kart: