Ullensvang kommune Inkludering

Vikar i døgnturnus - EM tiltak for einslege mindreårige flyktningar

Vikar i døgnturnus – EM-tiltak for einslege mindreårige flyktningar

Arbeidsstad: Kinsarvik

Stillingstype: Ringevikar / vikar i døgnturnus, 2/7, 2/7, 3/7. 

Søknadsfrist: Løpande

 

Om stillinga

Verksemd for inkludering i Ullensvang kommune søkjer vikarar til døgnturnus i vårt botiltak for einslege mindreårige flyktningar (EM-tiltaket) i Kinsarvik.

Arbeidet inneber medleverturnus, der du er saman med ungdommane over døgn – i eit lite og tett fagmiljø.

Ungdommane er i alderen 15–20 år og treng trygge vaksne som kan gi støtte, struktur og rettleiing i kvardagen.

 

Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp ungdom i bustaden og på fritidsarenaer

  • Bidra til struktur, trivsel og tryggleik i kvardagen

  • Samarbeide med skule, helseteneste og andre instansar
  • Dokumentere i fagsystemet Flyvo

  • Delta i miljøarbeid og praktiske oppgåver i bustade

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller relevant erfaring

  • Erfaring frå arbeid med ungdom eller flyktningar er ein fordel

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Førarkort klasse B

  • Gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, stabil og god på relasjonsarbeid

  • Tålmodig, omsorgsfull og ansvarsbevisst

  • Evne til å stå i krevjande situasjonar

  • Gode samarbeidsevner

 

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfullt arbeid i eit fagleg sterkt og støttande miljø

  • Opplæring og rettleiing

  • Løn etter tariff og erfaring

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

26.10.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Trude Elisabeth Bakken

mob: +47 95748262

Adresse:

Sandvikevegen 11 5780 KINSARVIK

Kart: