Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda

100% stilling som fagleiar ved Heimebaserte tenester

100% fast stilling som fagleiar – Heimebaserte tenester Odda

 

Ullensvang kommune

Vil du vere med og vidareutvikle heimebaserte tenester i ein kommune med sterk fagleg satsing og stolte omsorgstradisjonar?

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk fagleiar som vil bidra til å leie og utvikle tenestene våre – til det beste for brukarane.

 

Om stillinga

Heimebaserte tenester i Odda gir naudsynt helsehjelp, omsorg og støtte til menneske som bur heime. Vi er ei teneste i vekst og utvikling, og vårt mål er at flest mogleg skal få bu trygt og godt i eigen heim så lenge som mogleg.

Brukarane våre har i aukande grad meir samansette behov. Dette krev nytenking og vidareutvikling av tenestene våre – både fagleg og organisatorisk.

Som ein av to fagleiarar får du ei sentral rolle i både det faglege og operative arbeidet i avdelinga. Du vil ha ansvar for éi av to soner og samarbeide tett med fagleiar, avdelingsleiar og verksemdsleiar.

Stillinga er dagtid, med arbeid kvar tredje helg.

 

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein fagleg ressurs og pådrivar for utvikling av tenesta
  • Planleggje, organisere og leie det daglege arbeidet i samarbeid med leiargruppa
  • Følgje opp pasientar og sette i verk nødvendige tiltak
  • Sikre god kvalitet i fagutøving og dokumentasjon
  • Rettleie medarbeidarar og bidra til eit godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Delta i dagleg drift ved behov
  • Samarbeide med pårørande, fastlegar og andre instansar
  • Ha ansvar for oppfølging av studentar, lærlingar og elevar
  • Planleggje og gjennomføre internundervisning

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller anna releveant helsefagleg høgskuleutdanning
  • Gyldig politiattest
  • Erfaring innan geriatri eller anna relevant fagområde er ønskjeleg
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg trygg og strukturert
  • Du har gode samarbeidsevner og trivst med å leie andre
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og engasjert
  • Du evnar å arbeide sjølvstendig og ta initiativ

 

Me tilbyr

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Lønsvilkår:

  • Etter avtale

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. 
Forslått fjerna i statsbudsjettet

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.10.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Anne Lise Naasen

mob: +47 97558462

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: