Ullensvang kommune Røldal pleie og omsorg

80% stilling som helsefagarbeidar ved Røldal pleie- og omsorg

Ledige stillingar i Røldal pleie og omsorg

 

80 % vikariat som helsefagarbeidar ved Røldal pleie og omsorg  (svangerskapsvikariat) frå 3.september 2025 - 23.06.26

 

Friluftshovudstaden Ullensvang er i utvikling. Turisme,landbruk og industri har stor vekst.

Kommunen har omlag 10900 innbyggjarar , der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å gje gode tenester, vere ein god samfunnsutviklar , og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. 

Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget.

Vi treng no å ha deg med på laget.

 

Om arbeidsplassen

Røldal er fjellbygda i Ullensvang kommune.

Er du glad i friluftsliv og vinteraktivitet som alpint og langrenn, kan dette vere staden for deg.

Me treng helsefagarbeidarar til heime tenestene i Røldal. 

Tenesta omfattar tenestemottakarar som bur heime. 

Tenesta har eit bukollektiv med 6 rom , 10 omsorgsbustader, 2 tenester for funksjonshemma og heimebuande.

Me ønskjer at tenestemottakarane våre skal oppleve tryggleik, respekt og forutsigbarheit i tenesta me gjev. Samstundes ønskjer me at tenestemottakarane skal oppleve meistring og sjølvstende.

Me er her til det beste for brukarane våre.

 

Hoved arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn, stell og pleie og oppfølging av brukarane etter vedtak som stettar  behov.

  • Oppgåver knytt til legemiddelhandtering

  • Svara på alle tryggleiksalarmar 

  • Dokumentasjon i vårt journalsystem Aidn

  • Forefallande arbeid på kjøkken, som feks tilbereding av måltid

 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeider

  • Gode kommunikasjonseigenskapar

  • Digitale ferdigheiter

  • Skriftleg og munntleg norskkunnskap eller flytande svensk

 

På laget vårt treng vi 

  • Fagleg interesse

  • Godt humør og positiv innstilling

  • Fleksibel, strukturert, kreativ, og som ser løysingar framfor problem

  • Gode samarbeidsevner, sjølvstendig og som tek ansvar

  • Sunne verdiar og god moral

 

Me tilbyr

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Bra lønn etter hovudtariffavtalen

  • Kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har ulike turnusordningar, gode permisjon og pensjonsvilkår og er IA bedrift (inkluderande arbeidsliv)

 

Krav

  • Politiattest

  • Førarkort kasse B

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

 Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

21.09.2025

Arbeidsstad:

Røldal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: