Ullensvang kommune Kinsarvik skule

100% stilling som lærar ved Kinsarvik skule

100% fast stilling som lærar på Kinsarvikskule i Ullensvang kommune.



Om skulen

Kinsarvik skule er ein 1.- 10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 166 elevar, og omlag 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen.

Som lærar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer og høg kompetanse.

Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

 

Skuleleiinga består for tida av rektor og to avdelingsleiarar.

Skulen har 80 % merkantil ressurs.

 

Informasjon om stilling.

Ullensvang kommune har eit aukande tal minoritetsspråklege elevar med rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova §3-6. For å sikra eit likeverdig og kvalitativt godt opplæringstilbod for desse elevane, vil vi etablera integreringsklassar ved dei fem største skulane i vår kommune, Jondal skule, Kinsarvik skule, Odda barneskole, Odda ungdomsskole og Opedal skule. Vi lyser etter eit årsverk på kvar av desse skulane. Integreringsklassane vil følgja ein modell der elevane er formelt tilknytt ordinære klassar, samtidig som dei får forsterka norskopplæring i eigne grupper. Denne kombinasjonsmodellen vil sikra både fagleg framgang og sosial integrering. Etablering av integreringsklassar vil gi minoritetsspråklege elevar i Ullensvang kommune betre føresetnader for å lukkast fagleg og sosialt i grunnskulen, og vil vera eit viktig bidrag til kommunen sitt integreringsarbeid. Tiltaket er i tråd med nasjonale føringar, og vil styrkje kommunen sitt arbeid med inkludering og mangfald.  

 

Vi søkjer deg som er/har:

  • Engasjert og motivert lærar med godkjent undervisningskompetanse for grunnskule. 

  • Har erfaring som lærar og har jobba med og kjennskap til arbeid med integreringsklassar/elevar som skal læra seg norsk. 

  • Har eit positivt elevsyn og trur på at alle elevar kan lukkast.

  • Er dyktig til å byggje gode relasjonar med elevar, foreldre og kollegaer.

  • Er fleksibel, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner.

  • Er ein god lagspelar som bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø.

  • Er fagleg sterk og held deg oppdatert på ny forsking og utvikling i skolen.

  • Er god på å skape eit trygt og godt læringsmiljø.

  • Er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål.

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Me tilbyr:

  • Ein spennande og meiningsfull jobb i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

  • Engasjerte og positive kollegaer som brenn for elevane.

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver

  • Eit godt pedagogisk utviklingsmiljø og tett samarbeid med støttetenester og skular.

  • Moglegheit for fagleg utvikling og rettleiing.

  • Lønn etter avtaleverk

  • Arbeidsstad i naturskjønne Ullensvang kommune.

 

Krav:

  • politiattest

 

Er du den vi søkjer?

 

Søknadsfrist: 21. september 2025

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

 Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.09.2025

Arbeidsstad:

Kinsarvik

Kontaktpersonar:

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: