Ullensvang kommune Byggdrift

Ringevikar som badevakt

Badevakt ringevikar

 

Namn på verksemd: Ullensvang kommune Byggdrift

Arbeidsstad: Ullensvang kommune

 

 

Ullensvang kommune har seks innandørsbasseng; Odda, Jondal, Hauso, Kinsarvik, Skare og Røldal. Symjebassenga betyr mykje for helse og trivnad for innbyggjarane i kommunen. Alle bassenga er opne for offentleg bading nokre ettermiddagar i veka.

Me søkjer etter ringevikarar som kan avlasta badevaktene ved bassenga på Hauso, i Kinsarvik og i Skare. Dette er arbeid som kan passa for dei fleste som kan jobba nokre timar på ettermiddagane og som er trygge i vatn, både unge og eldre, studentar, pensjonistar og dei imellom. 

Høyrest dette ut som noko for deg - ikkje nøl med å ta kontakt! Alt er av interesse; om du vil jobba få eller mange vakter, om du vil jobba ved eitt eller fleire basseng m.m.

 

Arbeidsoppgåver

Som badevakt inngår oppgåver knytta til vertskap, tilsyn og tryggleik for våre badegjester.

I tillegg kjem billettsal, vaktrutiner, overvaking og enkelt reinhald.

 

Krav til kompetanse

  • 18 år

  • Symjedyktig og trygg i vatn

  • Godkjent livredningskurs

 

Personlege eigenskapar

  • Du må lika vertsrollen og kunna kommunisera godt og tydeleg med badegjestene

  • Du må tenkja tryggleik og vera observant

  • Du må vera ansvarleg og pliktoppfyllande

 

Me tilbyr

  • Livredningsopplæring

  • Lønn etter avtaleverket

  • Tilsett- og velferdsgoder i Ullensvang kommune

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

14.09.2025

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune

Kontaktpersonar:

Laila Angell

mob: +47 97695822

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: