Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

100% fast stilling som fagvernepleiar ved Tenesta for funksjonshemma - Mjøstølen avlastning

100% fast stilling som fagvernepleiar ved Tenesta for funksjonshemma - Mjøstølen avlastning

Ledig fast stilling som fagvernepleiar - 100%

 

Arbeidsstad: Teneste for funksjonshemma, for tida ved Mjøstølen avlastning 

 

På Mjøstølen avlastning yter vi tenester til familiar og barn med særskilte behov. Vi har døgndrift og yter også tenester til unge vaksne med særskilte behov.

Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet innebærer å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følge opp individuelle behov og samarbeid med pårørande og andre instansar. Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester, samt støtte og hjelpe kvarandre i arbeidet. 

Arbeidsoppgåvene til vår fagvernepleiar vil vere å ha ansvaret for den faglege oppfølginga av kvar enkelt brukar, medisinansvar og kollegarettleiing. Fagvernepleiaren skal ha eit tett samarbeid med avdelingsleiar. Fagvernepleiaren skal samarbeide tett med aktuelle instansar, halde seg oppdatert på lovverk og andre føringar. 

Stillinga innebærer arbeidstid på dagtid måndag til fredag, samt arbeidshelg kvar tredje helg. Det må påreknast noko justering i arbeidstida  knytt til kollegarettleiing og individuell oppfølging av brukarar. Difor søker vi deg som er fleksibel og villig til å arbeide noko ettermiddagstid etter nærare avtale.

Vi søker primært etter vernepleiar til stillinga, men høyrer gjerne frå deg som har anna, relevant høgskuleutdanning, bakgrunn, erfaring og interesse for faget og brukargruppa. 

Det er ønskelig med oppstart i stillinga snarast mogleg.

Du må gjerne ringe oss for ein uforpliktande samtale!

 

Hovudarbeidsoppgåver: 

  • Målretta miljøarbeid 
  • Fagansvar
  • Medisinansvar
  • Oppfølging av kap.9 vedtak etter HOTL.
  • Ansvar for utarbeiding av rutinar og prosedyrar
  • Kollegarettleiing
  • Tett samarbeid med avdelingsleiar
  • Samarbeid med aktuelle instanser
  • Følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar 
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Legemiddelhandtering



Vi ser etter deg som:

  • er utdanna miljøterapeut eller har relevant høgskuleutdanning

  • har erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa 
  • har erfaring med vedtak etter kap 9 
  • har gode samarbeidsevner, ansvarsbevisst og er fleksibel og positiv 
  • likar å vere i fysisk aktivitet 
  • er stabil og personleg skikka til stillinga 
  • meistrar norsk skriftleg og munnleg 

 

Vi kan tilby:

  • Ein fagleg krevjande, spennande og lærerik jobb 
  • Opplæring og rettleiing 
  • Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer 
  • Lønn etter hovudtariffavtalen 
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen 
  • Rekrutteringstilskot for nytilsett i helse og omsorg, gjeldande for yrkesgruppene vernepleiar, sjukepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut

 

Krav: 

  • Politiattest jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4
  • Førarkort klasse B er ikkje eit krav, men ein fordel
  •  

 

Kontaktpersonar:

  • Verksemdleiar Harald Molven, tlf.: 97 43 66 62
  • Avdelingsleiar Karina Sjurstræ, tlf.: 91 35 70 69

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.



Til orientering om Offentleglova:

 

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.09.2025

Arbeidsstad:

Odda

Kontaktpersonar:

Karina Sjurstræ

mob: +47 91357069

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: