100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Hestavoll barnehage
100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Hestavoll barnehage.
Vil du ha verdas viktigaste jobb?
Til hausten treng Hestavoll barnehage ein 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidarar/ pedagogiske medarbeidarar, fleire stillingar/ vikariat kan verta ledige. Hos oss får du høve til å vere ein trygg og inspirerande vaksen for barn tidleg i livet, samt skapa minneverdige augeblikk i kvardagen gjennom utforsking, leik og læring. Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom kollegaer. Vi legg vekt på å bygga gode relasjonar og fremja eit inkluderande læringsmiljø for små og store.
Som barne- og ungdomsarbeidar har du medansvar for:
Barna sin trivsel og utvikling i barnehagen.
Konstruktivt og godt samarbeid med barn, foreldre og kollegaer.
Gjennomføra systematisk og målretta arbeid på avdelinga.
Oppfølging av enkeltbarn og barnegrupper.
Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen.
Hestavoll har 3 avdelingar fordelt på 60 plassar. Hestavoll barnehage held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskule. Vi har gjennom ei årrekke lagt vekt på kultur og kreativitet med fokus på musikk og drama. Vi har med anna felles sangstund kvar månad, der barn og vaksne i barnehagen samlast og syng songar vi har lært gjennom månaden. Barnehagen har og eit større dramaprosjekt om vinteren som endar med ein dramafest. Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og vaksne er glade for å nytta gjennom året. Personale har fokus på utviklingsområdet “Se barnehagebarnet innenfra”, av Tilknytningspsykologane. Dette er ei kompetanseutvikling for heile personale, som inspirerer oss til å reflektere og utvikle vår eigen praksis. Barnehagen har utarbeida ein intern språkplan som bidreg til eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen.
Vi søker deg som:
Evner å sjå og skapa gode relasjonar til alle barna.
Ser barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet.
Har evne til refleksjon, gjera vurderingar og setta inn tiltak til det beste for barna.
Evner å arbeida sjølvstendig og i team.
Har ei positiv innstilling og er løysningsorientert og fleksibel.
Kvalifikasjonar:
Kompetanse som barne- og ungdomsarbeidar, men anna bakgrunn kan verta vurdert for stillinga.
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.
Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd.
Godkjent tuberkulinstatus.
Vi kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver.
Eit godt arbeidsmiljø med vekt på inkluderande læringsmiljø, samarbeid og kompetanse.
Gode høver for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
Løn etter hovudtariffavtalen.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Om du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Om du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.06.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Kari Aalvik
mob: +47 975 58 693
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda