100% stilling som pedagogisk leiar ved Hestavoll barnehage
Ullensvang kommune har ledig 100% stilling, fast som pedagogisk leiar i Hestavoll barnehage.
Hestavoll barnehage har ledige stillingar som pedagogisk leiar/ barnehagelærar frå 11. august og hausten 2025. Barnehagen har 3 avdelingar fordelt på 60 plasser. Hestavoll er ein internasjonal barnehage som held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Vi legg stor vekt på å bygga gode relasjonar i alle ledd og fremja eit inkluderande barnehagemiljø. Barnehagen har eit godt arbeidsmiljø blant kollegaer med låg terskel for å spørje kvarandre om hjelp.
Vi legg vekt på kultur og kreativitet med fokus på musikk og drama. Vi har med anna felles sangstunder og ein lengre dramaperiode. Hestavoll har samarbeid med kulturarenaer og verksemder i nærmiljøet. Barnehagen har tilgang til fleire fine naturområder som barn og vaksne er glade for å nytta gjennom året.
Personale har fokus på utviklingsområde “Se barnehagebarnet innenfra”, av Tilknytningspsykologane. Dette er ei kompetanseutvikling for heile personale, som inspirerer oss til å reflektere og utvikle vår eigen praksis. Vi er stolte av å ha utarbeida ein intern språkplan der målet er å sikra eit systematisk og målretta språkmiljø i barnehagen for alle. Barnehagen har gode planar og styringsverktøy som vi arbeider ut frå.
Arbeidsoppgåver
Lede det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument.
Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.
Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.
Vere aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen.
Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon.
Kvalifikasjonar og krav
Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.
Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Løyve om barnehagar §30
Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy
Personlege eigenskaper:
Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.
Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet.
Vera ein motiverande rettleiar for personalet på eigen avdeling.
Sjå kvart enkelt barns behov og leia ei gruppe barn.
Me tilbyr
Lønn i hht tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsavtalar
Gode utdanningsstipend
Pedagogisk leiar tillegg på kr 36 000
Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.06.2025
Arbeidsstad:
Odda
Kontaktpersonar:
Kari Aalvik
mob: +47 975 58 693
Heimeside:
http://ullensvang.kommune.noAdresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda