Ullensvang kommune Brann og redning

Ledige deltidskonstabler ved Ullensvang brann og redning

Det er ledige stillingar som deltidskonstabel og vikarstillinger som deltidskonstabel ved Ullensvang brann og redning. Følgjande stillingar er ledig:

  • 1 fast stillingar som deltidskonstabel i 2,45% stilling ved Odda brannstasjon 

  • 2 fast vikar stillingar som deltidskonstabel i 2,45% stilling ved Odda brannstasjon 

  • 4 faste stillingar som deltidskonstabel i 1,88% stilling ved Jondal brannstasjon

 

Hovedarbeidsoppgåver for stillingen:
Vere ein del av innsatsstyrken som utfører brannslokking, redning, akutthjelper og andre tilhøyrande arbeidsoppgaver.
Deltidskonstabel skal delta på obligatoriske øvingar og testar arrangert av brannvesenet


For stillinger i Røldal, Jondal og Lofthus, må ein vere busett i nærleiken av brannstasjoner og helst ha hovedarbeidsplass i nærområdet. 

Ønskede kvalifikasjoner: 

  • Tilfredsstille krav til oppmøtetid (4 minutt på dagtid, og 6 minutt på natt). 

  • Har fullført vidaregåande skule med fag/svennebrev, eller annan relevant utdanning. 

  • Tilfredsstille medisinske testkrav for røyk-, og kjemikaliedykker (god fysikk) 

  • Har, eller er villig til å ta yrkesutdanning for brannkonstabel og utrykkingsbevis mot ei bindingstid på 2 år. 

  • Gode personlege egenskaper 

  • Svømmedyktig 

  • Har førerkort klasse C, eller tar kostnadene med dette sjølv snarast

  • Førerkort kl BE 

  • Sertifikat for utrykningskjøring Kode 160

  • Båtførerbevis

  • Er tilsett med dagtid hos hovedarbeidsgiver. 

  • Plettfri vandel, uttømmande politiattest vil bli kravd før ansettelse.

  • Tilfredsstille medisinske krav til førerkort klasse D 

  • Referanser vil bli kravd

 

Før tilsetting blir aktuelle kandidatar sendt til bedriftshelsetjenesten for ein målretta helseundersøking, og det må kunne dokumenterest god vandel gjennom ein uttømmande politiattest.  Aktuelle kandidatar må i tillegg gjennomføre fysisk test m.m. før tilsetting. 

Ullensvang Brann og Redning oppmodar kvinner til å søke.

 

Ullensvang kommune kan tilby: 

  • Lønn etter hovedtariffavtalen

  • Interessante arbeidsoppgåver og utviklingsmuligheter

  • Gode pensjons- og forsikringsordning 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.06.2025

Arbeidsstad:

Ullensvang kommune

Kontaktpersonar:

Inge Rongve

mob: +47 97558615

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: