Ullensvang kommune Reinhald

75% stilling som reinhaldar ved Omsorgsteneste vest, Utneheimen

 
Verksemd for reinhald søkjer etter reinhaldar i fast 75% stilling ved  f.t Utne sjukeheim med oppstart 11 August 2025.
 
Hovudarbeidsoppgåver:
  • Søkjar må vere fleksibel og løysingsorientert då arbeidsdagen inkluderar tett samarbeid med bebuarar og tilsette ved sjukeheimen,ein må og ha godt humør og gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.
Kvalifikasjonar:
  • Søkjarar med fagutdanning er ynskjeleg,men andre med relevant erfaring vert og vurdert.
 
Vi kan tilby:
  • Løn etter gjeldande tariff.
  • Gode moglegheiter for kompetanse med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommunehar inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.07.2025

Arbeidsstad:

Utne

Kontaktpersonar:

Line R. Kvalvik

mob: +47 48078671

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

Kart: